Har du smakt friske spirer i maten? Det er så fantastisk godt! Sprøtt, grønt og litt bittert smakar det, og det passar perfekt i salat, i wok, i ei suppe eller på eit smørbrød.
Du kan få kjøpt spirar i velassorterte butikkar, men det er eit begrensa utval. Bønnespirar kan du også finne hermetisert, men det kan ikkje samanliknast med heimespira friske bønneskot.
Å dyrke fram eigne spirar er eigentleg det same som ein gjer når ein sår frø, bortsett frå at då skjer det i jord. Eg brukar å spire i eit norgesglas, men du kan bruke kva som helst slags beholdar så lenge den ikkje er heilt tett. Frøa eller bønnene du skal spire må nemleg ha det lett fuktig og med tilgang på frisk luft for å bli bra.
Pass på å jobbe reinsleg når du spirer frø. Frøspiring foregår ved temperaturar som kan legge til rette for bakterievekst viss du ikkje er forsiktig. Vask utstyret med kokheitt såpevatn og skyll alt med reint, kokande vatn før du går i gang. Vask hendene grundig før og undervegs, og ver nøye med skyljinga av spirane. Når dei har fått den storleiken du vil dei skal ha bør du oppbevare dei i kjøleskapet, og bruke dei opp i løpet av nokre få dagar. Skyll dei også før bruk medan du oppbevarer dei i kjøleskapet.
Pass på at du brukar ein romsleg nok beholdar, Dei fleste spirar tidoblar nemleg seg i storleik når dei spirer. Eit anna triks er å ikkje bli for ivrig. Det er ofte nok å spire to-tre spiseskeier med frø eller linser. Brukar du større bønner kan du ta litt meir, men vurder det i forhold til storleiken på spirekaret ditt.
Spirer du ting som ikkje er så små kan du bruke eit glas med skrukork, og slå hol i loket med hammar og spiker. Slå spikeren i frå innsida, ganske mange hol. Eller så kan du gjere som meg, ta bort glasloket på norgesglaset, legge gasduk over glaset, og skru på metallringen igjen. Har du ikkje gasstoff i huset kan du bruke ei rein nylonstrømpe, det egnar seg særleg godt til ørsmå frø.
Kva kan ein spire? Dei fleste frø av spiselege plantar går fint. Eg spirer reddikfrø, løkfrø, alfalfa, linser, ulike typer bønner og brokkolifrø. Å kjøpe små frøposar på Plantasjen vert dyrt, så du kan også kjøpe frø i frøbutikkar på nett eller i grønsaksbutikken. Sjå etter “sprouting seeds”. Innvandrarbutikkane har eit flott utval i bønner og linser, berre styr unna dei linsene som er splitta. Prøv til dømes møllbønner, dei er små og runde, og egnar seg utmerka til spiring.
Tida dei ulike frøa eller bønnene brukar på å spire varierer veldig. Nokre spirer etter to dagar, rekorden har solsikkefrø, som er kjemperaske. Andre er treige, som t.d. løkfrø. Dei fleste spirar er spiseklare etter 5-8 dagar.
3 ss bønner, linser eller frø
½ liter vatn
Eit romsleg glas
Legg det du skal spire i vatn over natta. Morgonen etter heller du av vatnet, og har bønnene tilbake i glaset. Dekk til loket og la det stå på kjøkkenbenken utan direkte sollys til kvelden. Skyll bønnene, og la dei stå til neste morgon. Skyll dei på nytt minst kvar morgon og kvar kveld, gjerne ein gong midt på dagen og, til du har passe store spirar til å spise dei. Eg likar at spirane har fått det første bladparet før eg et dei.
Vil du oppbevare spirane etter at dei er ferdige så kan dei halde seg i kjøleskap nokre dagar viss du skyller dei i ei blanding av ein liter vatn og ei teskei atamon. Elles mugnar dei fort.
200 g vaska og tørka salat av ulike typar
Ein finhakka halv løk
100 g fetaost
100 g skinke i terningar
50 g spirar
Legg salaten på eit fat. Dryss over finhakka løk, smuldra fetaost, skinketerningar og spirar. Server med ein god vinaigrette.
Vinaigrette
1 dl kvitvinseddik
1,5 dl extra virgin olivenolje
Ei klype salt
Ei klype peppar
½ ts sennep
½ ts honning
Bland saman alt til vinaigretten, og ringle den over salaten rett før servering.
Å, takk for påminnelsen! Dette drev jo jeg med på åttitallet. (Kanskje derfor det irriterer meg så innmari når butikkene kaller alfalfaspirer for alfa alfa spirer.)