Mat, Middag, Tilbehør
Comments 4

Sur og sylta

Huskar du sitronane eg sylta for nokre veker sidan? No har det gått ein og ein halv månad, og eg opna glaset for å finne ut korleis dette hadde utvikla seg. Eg tok ut ein båt, skylde av den saltet, fjerna fruktkjøtet (som er alt for salt) og skar den i tynne strimlar. Den smakte intenst sitron, salt og godt. Av ein eller annan grunn minte den meg om ein dry martini, eg såg for meg ein slik med ein liten bit sylta sitronskal i staden for ein oliven.

img_63803Men sylta sitronar er ein nord-afrikansk, nærare bestemt marokkansk måte å bruke sitronar på. I marokkansk mat vert sitronskalet gjerne brukt for å smaksette rettane ein lagar i den tradisjonelle taginen, ei leirgryte med eit hatteforma lok som ein brukar for å dampsteike kjøtrettar. Særleg rettar med kylling og lam vert servert med ein saus smaksett med sylta sitron.

Når eg no hadde denne skatten i hendene måtte eg altså eksperimentere litt. Eg lagde det eg kallar ei nord-afrikansk gryte, som eg serverte med bulghur. I gryta har eg vanleg chilipulver, men lagde du harissa den gongen eg lokka med hot mat, og ikkje har brukt den opp, så er dette tida for å ta den fram att. Slik gjorde eg det:

img_63821Nord-afrikansk gryte

3 ss matolje

400 g kjøtdeig

1 løk

3 fedd kvitløk

1 boks tomatar

1 paprika

½ ts chilipulver eller 1 ts harissa

1 ts malt spisskummen

½ ts kanel

img_6375Ein neve frisk koriander

2 båtar sylta sitron

Sukker, salt og peppar

300 g bulghur

3 ss olivenolje

5 dl vatn

1 ss tomatpuré

1 buljongterning

Litt sitronsaft

Varm opp matoljen i ei gryte. Hakk løk og kvitløk fint, og fres dei i gryta på middels varme. Ha i krydderet, og la det frese godt. Ha i kjøtdeigen, og la den frese saman med krydder og løk til den har skifta farge. Rens paprikaen, og kutt den i små bitar. Ha i tomatane og paprika, og la det koke opp. Fjern fruktkjøtet frå sitronbåtane, og skjer dei i tynne skiver som du har oppi gryta. La det heile koke 10-15 minutt. Smak til med sukker, salt og peppar.

img_63831Varm opp 3 ss olivenolje i ei gryte, og ha i bulghuren. La den frese i eit minutt eller så. Ha i tomatpuréen, og rør den inn. Slå på vatnet, og rør godt. Ha i buljongterningen og la det heile dampe på låg varme til gryna er møre. Legg gryna i ein haug på tallerkenen med ei dump i midten, og legg kjøtsausen i dumpa.

Når du først lagar eit glas med sitronar kan det vere greit å få nokre tips om andre ting ein kan bruke dei til enn denne gryta. Eg har brukt dei finhakka i aioli og i vinaigrette-dressing, og eg har brukt dei like finhakka i smelta smør til fiskegrateng saman med litt tørka urter. Det siste var overraskande godt. Som pikant dryss på toppen av ein salat fungerer det også veldig bra, særleg i ein luksussalat med skalldyr og asparges. Og så må eg teste ut idéen eg fekk då eg smakte på den første biten, ein dry martini. Skål!

This entry was posted in: Mat, Middag, Tilbehør

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Å! Takk for sitronrapport 🙂 Dette så godt ut. Nå er jeg enda mer spent på hvordan mine hele sitroner i saltlake blir, de bør nok ha et par uker til på seg før jeg tester …

  2. Takk for tips og oppskrifter. Har smakt på mine salte sitroner, og de er GODE! Foreløpig bare prøvd dem i blandede risretter med asiatisk vri, dvs. krydret med div. curry og kokos. Smaker utmerket!

  3. Spennende smaksblanding! Tror aldri jeg har smakt salte sitroner i mat men det må visst prøves 🙂

  4. Pingback: Berre pølser « Alt godt

Leave a Reply