Når denne sangen vart spelt på festane på åttitalet (altså ikkje åttitalsfestane) vart dansegolvet stuvande fullt umiddelbart. Folk hoppa utpå og veiva armar og bein rundt i lufta. Herleg! Deilig, usakleg dansing.
Eg diggar Peter Gabriel, mitt næraste forhold til han var raskt forbigåande, eg tok på han då han la seg ut i publikum og rulla seg utover på Kalvøya i 1987. Eg trur det var medan han sang Biko. Ein ta-på-verdsstjerne-opplevelse, altså.
Hiv deg utpå, sving hoftene og la Peter få deg i godt humør med denne energipakken av ein sang.
Mitt minne om denne sangen stammar frå ei Hifi-forretning i Bergen vinteren 87. Eg skulle sjå på stereoanlegg og ein eldre ekspeditør frå Sogn spelte låt etter låt med fløyelsjazz. Du spurte eg etter rock. “Eg er ingen rockar” sa han, men fann fram “So” plata med Peter Gabriel. Då Sledgehammer kom skjøna eg at høgtalarane ikkje var noko å satse på og for derifrå med uforretta sak….
AH, det er lite som er like nostalgifremjande som påminningar om musikk ein ikkje har høyrt på årevis! Det måtte då vere luktar, til dømes av loftsrommet “på landet om sommaren” på sekstitalet.
Eg har ingen aning om kvaliteten på høgtalarane verken her eller der, men har ei mengd gode assosiasjonar til å improvisere jazzballett-koreografi til Sledgehammer både på Hulen og i min dåverande heim på Møhlenpris (skilnaden kunne til tider vere vanskeleg å sjå). Kvifor spelar dei ikkje denne strålande musikken lenger, i desse retro-tider då sjølv Cat Stevens vert henta fram frå gløymsla? Stjerne i boka for å legge ut linken 😉 This amusement never ends…