Opp og hoppe, dagen ligg solstrålande og fin framfor oss, og eg skal på hagemesse på lillestrøm og heie på desse damene, og ta med meg nokre fine hageskattar heim. Men først skal eg ha frukost, ein ekte søndagsfrukost. I dag har eg lyst på ein omelett, og ikkje av dei tjukke, brunsteikte, men ein som berre så vidt har spasert forbi komfyren.
Eg likar ikkje omelettar som har tjukk brun skorpe under, og då må ein lage den med lett hand. Det er viktig å ha litt feitt i panna, og å bruke jamn, låg varme. For meg kan omeletten gjerne vere ganske naturell, eg likar den med berre litt riven ost på.
Du kan også ha på bacon, då ville eg ha steikt baconet først, teke det ut og steikt omeletten i baconfeittet før eg har kjøtet på omeletten til slutt. Krydderurter av ulikt slag er også godt i ein omelett, tilfeldigheitene ville at eg ikkje hadde det i dag. Til omelett brukar eg helst friske urter, tørka passar ikkje så bra, syns eg. Hakka paprika, vårløk eller purre er også godt i omeletten. Slik gjer eg det:
Omelett til berre meg
2 egg
2 ss kaldt vatn
1/2 ss smør
1/2 ts salt
Nykverna peppar
Riven ost
Pisk saman egga med salt, peppar og kaldt vatn. Set ei lita steikepanne på middels varme, og la smøret smelte i den. Dryss på den rivne osten, og det du elles måtte ha lyst til å ha i omeletten.
La omeletten kvile litt på låg varme, gjerne under lok, til den har den konsistensen du likar. La den gli over på tallerkenen din, og vipp eine halvdelen over på den andre slik at omeletten blir til ein halvmåne på tallerkenen din.
Spis den som den er, eller med ei skive rista brød med smør på. Mmmm!