Guten min bestilte pasta til middag, og så vart eg inspirert av ein vegetarblogg eg var innom, som oppmuntra til no-meat-Monday. Det var jo ein fin tanke!
Denne pastaretten vart iallfall spist opp, og det er alltid eit godt teikn. Slik gjorde eg det:
Pasta med raud pesto, squash og spinat
500 g pasta, til dømes gnocchi eller fussili
3 ss raud pesto
Ein squash
100 g fetaost
100 g vaska og tørka spinat
Olivenolje til steiking
Salt og peppar
Sett pastavatnet på kok med godt med salt i.
Del squashen på langs, fjerne frøa i midten med ein epleutstikkar og del den i passe store bitar. Kutt spinaten i strimlar. Steik squashen i godt med olivenolje slik at den vert gyllen. La den renne av på eit handklepapir på ein tallerken.
Kok pastaen, og når den er ferdig heller du av alt kokevatnet unntatt litt (ca. 1 dl) som du tek vare på. Rør pestoen ut i dette kokevatnet. Vend den utspedde pestoen inn i pastaen, og så dei strimla spinatblada. Legg lokket på gryta igjen medan du smuldrar fetaosten på ein asjett. Når spinaten byrjar å sveitte litt tek du loket av, og vender inn squashen. Hell opp i ein serveringsbolle, og dryss fetaosten over.
Server pastaen med ein god salat, eg brukte “baby leaves”, cherrytomatar og løkspirar med ein god vinaigrette over.