Middag, Pasta
Leave a Comment

Pasta med asparges, laks og reker

Eg vart inspirert av ei venninne til å lage denne pastaretten. Ho snakka om pasta med laks, reker og asparges, og eg lagde min eigen vri på denne vårlege kombinasjonen.

Eg er ofte på leiting etter ting barna vil sette pris på som inneheld varierte grønsaker og fisk. Den eine pilla ut vårløken og den andre pilla ut rekene, men i gjennomsnitt vart det ganske bra. Denne porsjonen vart nok til fire svoltne. Slik gjorde eg det:

Pasta med asparges, laks og reker

500 g pasta

400 g reker med skal

200 g fersk laks

400 g asparges

Tre vårløk

3 dl kremfløte

Smør til steiking

2 dl kvitvin eller eplejuice

1 ss grønsaksfond

salt og peppar

Rens rekene. Hakk vårløken i ringar. Kok pastaen (eg brukte gnocchi, dei mellomstore skjella) i godt salta vatn så lenge som det står på pakken.

Skjer laksen i tynne bitar, legg den på ein tallerken og salt den litt. Knekk den nederste enden av aspargesane og del kvar stilk i tre. Smelt smør i ei steikepanne på ganske høg varme og steik aspargesane i to-tre minutt. Strø på litt salt og peppar, hell aspargesen over på ein tallerken og kryst over litt sitron.

Legg lakseskivene i steikepanna, og skru av varmen. Dei skal berre skifte farge frå raude til rosa. Legg dei over på aspargestallerkenen. Sett opp varmen igjen, og slå på vinen. Kok ut panna, og slå på fløten. Ha i grønsaksfond, og smak til med salt og peppar. Rør godt og dra steikepanna til side.

Slå vatnet av pastaen, og ha den i ein serveringsbolle. Slå over fløtesausen og rør den inn. Vend inn laksen, rekene og aspargesen. Dryss på vårløk og server med godt brød og ein salat.

This entry was posted in: Middag, Pasta

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply