Å lage mine eigne ravioli har eg gjort nokre få gongar, men det er både plundrete og med høg risiko for katastrofe. Når eg skal ha ein enkel middag med ravioli må eg innrømme at eg kjøper ferdige.
Men korleis lagar ein det til slik at det vert verkeleg godt? Denne varianten hadde vi på fredag, og den syns iallfall både eg og han eg bur i lag med var veldig god. Så då vart den kanskje ikkje så verst?
Eg brukte ravioli med bacon og kylling i, du kan også bruke ravioli med andre typar fyll. Brukar du eit vegetarisk fyll i ravioliane vert denne oppskrifta ei no-meat-monday-oppskrift. 🙂 Slik gjorde eg det:
Ein pakke ravioli
Ein løk
Tre store soppar, eg brukte sjampinjong
Smør til steiking
3 ss smør
3 ss mjøl
1/2 l mjølk
Muskatnøtt, salt og peppar
3 dl riven ost, gjerne ein smaksrik type
Lag kvitsausen først, men set gjerne pastavatnet på kok før du går i gang. Smelt smør i ei gryte med tjukk botn. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølka, og rør godt medan det kokar opp. Smak til med riven muskatnøtt. salt og peppar. La sausen koke i nokre minutt medan du finhakkar løk og sopp, og steiker det i smør til det er gyllent.
Salt kokevatnet raust. Ha ravioliane i kokevatnet. La dei koke så lenge som det står på pakken, mine skulle koke i tre minutt. Bruk ei romsleg gryte, er gryta for lita kokar det over. Fisk opp ravioliane med ei holsleiv, og legg dei i forma. Fordel sopp og løk oppå. Rør osten inn i kvitsausen slik at den smeltar. Slå sausen over det som ligg i forma. Gratiner det heile på 220 grader i 20 minutt til det har fått ei fin, gyllen overflate. Server med ein god salat, og kanskje noko godt brød til.