Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Pasta
Leave a Comment

Sitronpasta med kylling

No når sommaren går mot slutten er eg ekstra påpasseleg med å ta vare på og nyte dei gode sommarsmakane.

Den overfloda vi finn no av urter, frukt og bær kan både takast vare på i krukker og glas, og den kan nytast her og no. Eg lagar ein enkel pastarett i dag, som har friske sommarsmakar i seg med urter, kvitløk og sitron.

Denne pastaretten smakar friskt og sommarleg. Ikkje vert redd for smørmengda, dette er mager mat med magert kjøt, så litt godt smør gir den rette smaken. Til steikinga brukar eg margarin. Eg vil steike kyllingen på høg varme slik at den får fin skorpe, og til slik steiking gir margarin det beste resultatet.

Sitronpasta med kylling

800 g kyllingfilet

2 ss margarin

500 g pasta, eg brukte bandspagetti

Safta av1 sitron

2 dl vatn

3 ss smør

3 fedd kvitløk

Salt og peppar

Masse fersk basilikum og persille

Skjer kyllingfileten i strimlar. Steik den i margarin til den får fin og brun overflate, og er gjennomsteikt. Salte og pepre undervegs. Legg dei ferdigsteikte kyllingstrimlane på eit fat. Kok ut steikepanna med vatn og safta av ein halv sitron når du er ferdig. Bruk ein flat trespade slik at du får all steikeskorpa i steikepanna kokt ut, og løyst opp i vatnet. Skru ned varmen, og press kvitløksfedda i utkoket. Rør i smøret, og la det smelte. Trekk steikepanna til side.

Kok opp vatn til pastaen, og ha i ein liten neve med salt. La pastaen koke til den er ferdig, koketida står på pakken. Kok den endeleg ikkje for lenge!

Vend den ferdigkokte pastaen i utkoket, og legg den på eit fat. Vend inn urtene, og legg på kyllingbitane. Kryst over safta frå den siste halvdelen av sitronen og server det heile med ein salat og godt brød.

Leave a Reply