Billig mat, Fest, Noko søtt, Veggis
Comments 2

Skogsbæris


Til dessert lagar vi heimelaga is av bær som vi har teke vare på i frysaren.

Eg er ei utolmodig sjel, så eg orkar sjeldan plukke bær lenge i gongen. Difor har eg ein boks i frysaren, der eg legg i bær når eg har tid og ork til å plukke. Der finn du litt blåbær, litt bringebær og litt bjørnebær frå hagen. Når boksen er full, tek eg den ut og lagar ein deilig sommaris av den. Du kan også lage denne isen med bær frå frysedisken.

Isen vert laga på enklaste måte, utan ismaskin, men med matmølle. Eg søtar den med sommarhonning, som eg smeltar før eg har den i matmølla. Viss ikkje blir det klumpar av honning i isen, og det er ikkje noko særleg.

Måla eg oppgir er omtrentlege, og du kan bytte ut bærsortar, eller supplere med dei bærsortane du har tilgang til som du likar. Men bæra du brukar må vere frosne, elles må du styre med å røre i den medan den står i frysaren. Dette er is på enklaste måte! 🙂  Slik gjer eg det:

Skogsbæris

400 g bjørnebær

400 g bringebær

400 g blåbær

2 dl honning

1 dl matfløte eller kremfløte

Ha bæra i matmølla. Varm opp honningen forsiktig i ei gryte, slik at den vert heilt tyntflytande. Køyr bæra i matmølla, og hell i honningen i ein tynn stråle medan mølla går. Ha i fløten til slutt, og køyr til ismassen er glatt.

Finn fram ei metallform, eg brukar ei hjarteform med teflonbelegg. Hell i ismassen, og set forma i frysaren fram til servering. Du kan godt lage isen dagen før den skal serverast, ta den i så fall ut av frysaren ei lita stund før du set den på bordet.

Kvelv isen over på eit fat, og la gjestane forsyne seg. Eg serverte min skogsbæris med vaniljekrem til.

2 Comments

  1. Takk for oppskrift! Eg hadde rota vekk Sunnmørsposten før eg fekk sikra meg denne. Pønskar på å lage den med Stevia for diabetikar i familien.
    Elles er det lurt å berre legge plastfolie i botnen av ei kva som helst slags form. Den er lett å ta av, og ein slepp å dyppe forma.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s