Fest, Kaker, Noko søtt, Ostekaker, Veggis
Comment 1

Lett ostekake med hylleblomstsmak

Eg venta ein gjeng med fine damer på besøk i går, og då måtte eg bruke litt av den lyse, fine hylleblomstsafta eg hadde laga tidlegare i veka. Kaka er lett, nesten som ein fromasj, med mest kesam i seg. Slik gjorde eg det:

Ostekake med hylleblomstsmak

Botn:

200 g søte, grove kjeks, eg brukte sibas-kjeks

80 g smelta smør

2 ss brunt sukker

Fyll:

Tre beger vanlig kesam (du kan også bruke vaniljekesam, dropp i så fall vaniljesukkeret)

300 g kremost, type philadelphia

2 pakkar sitrongelé

5 dl vatn

2 ss melis

2 dl hylleblomstsaft

Gelélok:

5 dl konsentrert hylleblomstsaft

6 plater gelatin

Vatn til bløyting

Kok opp 5 dl vatn. Trekk det til side, og rør i to pakkar sitrongelé. Rør i to-tre minutt til alt er oppløyst. La det kolne eit kvarters tid medan du lagar botnen og resten av ostemassen.

Smelt smøret. Knus kjeksa i ei matmølle, ha i sukkeret og smøret. Bland det godt. Sett ei 26 cm springform utan botn på det kakefatet du vil servere kaka på. Eg brukar å teipe skjøten på forma på høgkant, då unngår eg at ostemassen sig ut viss forma har fått seg ein trøkk.

Trykk kjeksmassen ut i forma, spesielt godt ut i kantane. Det må vere heilt tett, elles renn ostemassen ut. Set dette kaldt.

Ha kesam og ost i ein bolle. Rør det saman, og ha i melis, vaniljesukker og konsentrert hylleblomstsaft. Rør godt så alle klumpar har løyst seg opp, og ostemassen er glatt og fin. La det gjerne stå litt, slik at lufta som har blitt piska inn får stige til topps. Rør inn sitrongeléen til slutt.

Ha ostemassen i forma. La det stivne i kjøleskap i fem-seks timar. Gi 5 dl hylleblomstsaft eit raskt oppkok. Legg gelatinen i bløyt i ei skål med kaldt vatn. La den ligge i fem minutt. Kryst det overflødige vatnet ut av gelatinplatene, og ha det i den varme safta. La dette kolne i eit kvarters tid, gjerne i kaldt vassbad. Eg set kjelen oppi ein større kjele som er halvfull med iskaldt vatn. Då kolnar det fort. Hell den avkjølte geléen oppi forma oppå ostemassen. La det heile stå to-tre timar til, til geléen er heilt stiv.

Pynt kaka med jordbær, og server med god te og kaffe. 🙂

1 Comment

Leave a Reply