Musikk
Comments 2

Jon Lord 1941-2012


Jon Lord døydde i dag, etter å ha kjempa mot kreft i lang tid.

Eigentleg var han ikkje min helt, men bror min sin. Når ein bur i lag slik ein gjer med søsken så smittar musikksmaken over. Deep Purple var bror min sine heltar, og Jon Lord spelte ei viktig rolle på keyboard. Når bror min var i det eksperimentelle hjørnet stilte han dei to ganske lette høyttalarane vi hadde mot kvarandre, spelte Jon Lord sin solo i Child in Time frå In Rock på full guffe. Det ikkje heilt supersoniske anlegget vårt klarte å gi ein illusjon av at musikken sirkulerte i hovudet, og vi var euforiske.

Whitesnake, der Jon Lord også var med, vart også flittig spelt heime hos oss, med den same karakteristiske orgelklangen som Jon Lord var så kjend for.

Men i tillegg til den lange diskografien med Deep Purple har Jon Lord laga mykje flott musikk for orgel og orkester. Leit deg fram på youtube, så finn du mykje flott musikk av Jon Lord. Om du orkar, kan du høyre på klimakset i Child in Time rundt ca. 9:20 og utover. Med høyttalarane mot kvarandre, og hovudet i midten. Skjellsettande!

This entry was posted in: Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. BenteAS says

    Har samme erfaring som deg med en en bror som hadde Deep Purple som favoritt. Når man mimrer må man ikke glemme luftgitarlåta over alle; Smoke on the water. Helt herlig!!! RIP Jon Loyd.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s