Fest, Mat, salat, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Bakt salat


Salat kan vel ikkje vere bakt? Jau, det kan den, og det er ei sjakktrekk for å utvikle gode smakar.

Salatar kan varierast i det uendelege, men nokre hovudelement må vere med. Grønsaker av ulikt slag, proteiner og noko som gjer deg mett, ein god dressing, og så noko sprøtt på toppen. Nokre seier at bladgrønt alltid må vere med, men denne salaten er eit døme på at det trengst ikkje. Det hadde ikkje skada om det var grønt i denne og, men for å vere heilt ærleg så gløymde eg det. Slik er det når ting går litt fort av og til.

For at ein salat skal vere mettande må ein ha med både karbohydratar og proteinar. Karbohydratane kan vere pasta, ris eller ulike typer gryn. I dag har eg brukt grov bulgur. Den tek veldig lett til seg smak, og mettar godt. I tillegg vender eg inn linser. Eg syns den kombinasjonen er veldig god, og er lett å leike seg vidare med. I denne salaten har eg brukt heil bulgur, men bulgur finst i mange variantar, frå heil til finknust. Koketida varierer, men smaken er den same gode. Les på pakken kor lenge din bulgur skal koke.

No er butikkane fulle av deilige vårgrønsaker, og eg fann fersk løk i knippe og asparges som passar perfekt saman. Tomatane vende eg i grov sennep, det ga dei verkeleg eit løft. Grønsakene har best av å bli vendt i olje før dei går inn i omnen, og eg har bakt dei på ganske låg varme. Det går fint viss du ikkje har det travelt. Då får du fram den gode sødma som desse grønsakene har i seg, og du slepp uhell med at dei brenn seg.

Til ein god salat høyrer ein dressing med. Eg er vanlegvis glad i vinaigrettar, men denne gongen tok eg utgangspunkt i creme fraiche og litt fetaost. Då vert dressingen meir som ein krem. Hagen min er heldigvis full av ramsløk, og viss du finn ramsløk så er det berre å putte i salaten. Viss ikkje kan du bruke stilkane til den ferske løken, grasløk eller alle tre sortar, slik eg har gjort. Eg har hatt lodderogn oppå min salat. Her kan du også variere etter eigen fantasi. Den vert like god med sprøsteikt bacon, kyllingbitar, varmrøykt laks eller i vegetarisk versjon. Fetaosten kan byttast ut med til dømes grilla halloumi eller chevre.

Bakt salat

Eit beger plommetomatar

Ein bunt asparges

Ein bunt fersk løk inkl. stilk

Olje, salt og peppar

1 toppa ts grov sennep

2 dl grov/heil bulgur

5 dl vatn

1 ts urtekrydder

1 buljongterning

¼ ts peppar

1 ss sitronsaft x 2

IMG_47332 ss graskarfrø

2 ss solsikkefrø

Ein pakke kokte linser, avrente

½ pakke fetaost

Eit glas lodderogn eller ørretrogn

Sett steikeomnen på 140 grader med varmluft.

1fu3SkO9SieLXx+jNipT9A
Kutt tomatane i to på langs, og ha dei i ei skål. Ha i sennep og litt hakka løkstilk eller vårløk, og vend det heile godt rundt. Hell blandinga i ei eldfast form, og sett det inn i omnen.

Snitt aspargesane i to på langs, og vend dei i olje og salt. Legg dei i eldfast form, og sett dei i omnen.

Kutt av rota på løken, og skrell av det ytterste laget av løken. Snitt løkane i fire på langs, og vend dei forsiktig i olje og salt. Legg dei inn i omnen ved sidan av tomatane og aspargesane. Bak grønsakene til løken og aspargesen er mør, ca. 30 minutt. La dei kolne.

IMG_4729

Kok opp 5 dl vatn, og ha i peppar, urtekrydder (eg hadde eit glas det sto «Franske urter» på), buljong og 1 ss sitronsaft. Ha i bulguren, og la den koke opp. Brukar du heil bulgur, så la den koke på ganske låg varme i 10 minutt. Hell av vatnet, og la bulguren renne av i ei sil. Ha den i ein bolle, og vend inn linser, graskarfrø og solsikkefrø. Hell det heile på eit fat, og ha på 1 ss sitronsaft. Smak om du bør ha i meir salt og peppar. Viss du vil vende inn salat, til dømes babyspinat, rukkola eller snitta hjertesalat, så gjer det no.

Legg dei bakte grønsakene på gryna, og smuldre over halve pakken med fetaost. Legg lodderogna utover salaten med skei. Server salaten med godt brød, og ein grøn ramsløkkrem.

IMG_4711Ramsløkkrem

2 ss creme fraiche

½ pk smuldra fetaost

8-10 ramsløkblad

2 ss hakka vårløk eller grasløk

1 ts honning

Salt og peppar

Ha creme fraiche og fetaost i eit blenderbeger saman med honning, hakka ramsløk, vårløk og/eller grasløk. Køyr det til ein glatt krem. Smak til om det trengst meir salt og peppar.

Éin kommentar

  1. Janicke Bækken says

    Fantastisk oppskrift! Men meeeer bilder. Myyye mer bilder🤗

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s