Billig mat, Kjøtt, Mat, Middag
Leave a Comment

Saftig svin

Av og til er det berre tradisjonsmat som gjeld for meg. Gode sausar, kokt kjøt og raust med poteter til, då er eg lykkeleg.

I dag fann eg eit stykke salta svinebog i kjøtdisken, og salta kjøt syns eg alltid er best når det vert kokt. Ein klassisk søndagsmiddag, altså, der eg serverer kjøtet med ein variant av løksaus og ein mos av det eg hadde i kjøleskapet, altså søtpotet og gulrot. Den vart veldig god, om eg skal seie det sjølv! Prøv den til grilla pølser, kotelettar eller til kvit fisk, den passar like godt.

Løksausen laga eg på fløte og krafta frå det kokte kjøtet. Eg slo ut håret, og hadde litt øl i kokevatnet. Det balanserer godt det salte i kjøtet, og tilfører ein liten bitter tone saman med laurbærbladet. Det er smak og behag, syns du ikkje noko om det bitre kan du bruke eplejuice i krafta i staden, og droppe laurbærbladet. Merk deg at det ikkje skal salt i kokevatnet til kjøtet. Kjøtet er som regel meir enn nok salt i seg sjølv. Å krydre krafta gir smak til både kjøtet og sausen.

Du kan bruke same oppskrifta til røykt fårekjøt viss du finn det, og løksaus og mos passar også godt til ein røykt kotelettkam. Løken vert meir eller mindre «kokt i hel» i krafta, så når du fiskar den ut kokar den fort sund i løksausen. Det gjer ingenting, du får uansett smaken med. Har du vårløk eller grasløk i hus kan du godt ha det og i sausen. Det er ein fin måte å bruke den ferskaste grasløken i hagen på.

Lagar du mykje mos så treng du strengt tatt ikkje poteter til dette. Eg fann nokre lekre nypoteter, og klarte ikkje å halde meg, så eg hadde poteter til. Dei kokte eg slik dei koker poteter til tapas i Spania, i obskøne mengder salt. Det fascinerande er at så lenge skalet er uskadd så vert ikkje sjølve poteten salt inni, den vert heller søt og god. Men skalet smakar kjempegodt, og det er jo der dei gode mineralane sit, ikkje sant? Får du restar, så lag ein god aioli, som du dyppar dei i og maular. Det er eigentleg grunn god nok til å koke for mange poteter, spør du meg.

IMG_6888Kokt svinebog

1 kg salta svinebog eller knoke

6 dl vatn

1 dl øl eller eplejuice

Eit laurbærblad

Fire pepparkorn

½ ts dillfrø

½ ts sennepsfrø

Ein løk delt i fire

Kok opp vatn og øl eller eplejuice i ei gryte som akkurat har plass til kjøtet, og ha i krydderet. Du treng ikkje salte kokevæska når du kokar salta kjøt.

Skyll svinekjøtet, og legg det i den kokande krafta. La det koke på middels til låg varme til kjernetemperaturen er ca. 68 grader. Mål med eit steiketermometer. Ta kjøtet ut, og legg det under folie. Sil frø krafta, og ta vare på 2 dl kraft til sausen. Ta også vare på den kokte løken. Den kan du ta forsiktig ut med ein fiskespade og legge til side til sausen.

La kjøtet kvile medan du lagar sausen. Skjer det i skiver, og server med løksaus, gulrot- og søtpotetmos og kokte poteter om du vil.

Løksaus

2 ss smør

2 ss mjøl

2 dl kokekraft

2 dl fløte

Kokt løk frå krafta

Grasløk eller finsnitta vårløk viss du har

Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør i mjølet. Slå på kraft og fløte, og rør til sausen tjuknar. Vert den for tjukk, så ha i litt meir kraft. La sausen koke i 5-6 minutt medan du rører av og til. Smak til om det trengst litt meir salt og peppar, og ha i grasløk eller vårløk til slutt.

Gulrot- og søtpotetpuré

Fem middels store gulrøtter

Ein stor søtpotet

Ein løk

1 dl føte

2 ss smør

Salt og peppar

Vatn til koking

Rens og kutt gulrøttene og søtpoteten i terningar. Rens løken, og del den i fire.  Ha grønsakene i ei gryte saman med løken, og slå på kaldt vatn. Ha i 2 ts salt, og la det koke opp.  Kok i ca. 18-20 minutt, til alt er mørt. Mos med ein stavmiksar til ein glatt puré. Smak til med salt og peppar.

 

Leave a Reply