Frustrasjonar
Comments 2

Sykkelen min er borte! :-/


I mai slo eg til, eg investerte i ein flott ny sykkel.

Eg gjekk til min favorittsykkelbutikk Birk ved Vøyenbrua, og fekk eit godt tilbod på ein Fuji Speedmax hybridsykkel. Sykkelen vart stelt og ordna med, den fekk bagasjebrett og skjermar, fotstøtte (slikt er ikkje ei sjølvfølge på nye syklar no til dags) og den fekk eit komfortabelt mjukt damesete i staden for det kvite sportssetet som den originalt kom med. Eg fekk også klikkpedalane bytta ut med vanlege, sidan eg syklar i alt frå støvlar til stilettar, men aldri i slike klikkesko.

Sidan eg brukar sykkel som mitt viktigaste transportmiddel fekk eg og satt på ei korg framme, og eg fekk montert magnetlykter i hjulnavet framme og bak. Dei lyser berre på grunn av magnetar som går rundt og rundt, og treng ikkje takast av, dei sit fast montert i hjulet. Sykkelen er «damestorleik», den passar ikkje til store menn. Men til meg var den heilt perfekt.

I går kveld då eg kom heim låste eg sykkelen på utsida her eg bur på St.Hanshaugen i Oslo, og i dag tidleg var han vekk. Skikkeleg kjipe greier. Ser du ein sportssykkel som denne, men med korg og magnetlykter så veit du kva du har å gjere, ring politiet på 02800.  På førehand tusen takk!

This entry was posted in: Frustrasjonar

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Huff da. Jeg håper den var forsikret. Og at du får den igjen i god behold. Dessverre er den vel kjapt ribbet for kurver etc – hvis det er snakk om proffe sykkeltyver

    Likar

  2. Tror nesten alle jeg kjenner som sykler i Oslo har fått sykkelen sin stjålet minst én gang. Vet ikke helt hvordan det er nå, men for noen år siden ble de fleste nye sykler som ble stjålet ekspedert til utlandet og solgt der, og man så dem aldri igjen. Forferdelig synd. Kanskje derfor så mange tråkker rundt på en gammel hålk, man får ikke ha sykkelen i fred uansett 😦
    Håper virkelig du får den fine sykkelen din igjen!!!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s