Ingen skal skulde meg for å ha ein medviten plan for det eg plantar i hagen min.
Eg kjenner mange flotte hagemenneske, og når vi møtest så byttar vi plantar, eller delar av overskotet i hagen. På ein eller annan måte har eg fått hendene i denne svarte akeleia.
Å seie at den lyser opp i bedet ville vere å overdrive, men eg syns den er utruleg stilig, der den står rank, rett og mørk.
Desse svarte tulipanae kjøpte eg nok sannsynlegvis i Oxford i fjor sommar. Heldigvis kom dei i jorda før nyttår, så no står dei og struttar i hagen min. Eg likar dei flukrete (er det eit ord?) kronblada og den lekre mørke fargen. Har du mørke fargar i hagen din?
Eitt år satsa eg på svart og lysegult i hagen. Det synest eg er ein flott kombinasjon. Men av ein eller annan grunn vert svaarte plantar vekke frå hagen.
Det er også artig å ha historier knytta til kvar plante, kven ein har fått dei frå og kvar dei kjem frå.
Eg har hatt “svarte” tulipanar-men dei forsvann. Eg har prøvd å ha system på både det eine og det andre her i livet-men det går aldri bra! Så no har eg funne meg i å leve i kaoset.
Den tulipanen er bare helt ekstremt lekker. Og ja, jeg har mange mørke skjønnheter i hagen, spesielt glad i sorte små fioler som selvsår seg fra år til år.