Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting, Tilbehør, Veggis
Comments 7

Jordbær- og rabarbrasyltetøy


Vi er mange som har vakse opp med mødre og bestemødre som sylta og safta. Eg har sterke minner frå eit kjøkken fullt av bøtter med bær, bilturar heim frå Valldal med den intense og etter kvart kvalmande lukta av jordbær, og kamp med bringebærkjerr i hagen. Då bestemor mi døde i 1995 fann vi ripsgelé med vokslok frå 1964 i kjellaren.

I mange år har safting og sylting vore ute av livet mitt, bortsett frå eitt og anna frose glas med bringebærsylte som kom nedover frå Sunnmøre. Men etter kvart har eg teke opp denne tradisjonen sjølv, og gjort den til min eigen.

For meg som bur midt i byen, med begrensa fryse- og lagringskapasitet og utan eigen hage, kunne eg ikkje gjere dette slik mor mi gjorde. Kanskje var det det som gjorde at eg venta så lenge med å gå i gang. Eg trudde eg måtte gjere dette slik formødrene våre gjorde det, i store mengder og med huset på hovudet medan det sto på.

 Etter kvart kom eg til at eg må skape min eigen safte- og syltetradisjon. No lagar eg to-tre glas av noko eg syns er godt, og eg kan godt kjøpe bær i butikken eller frå ein lokal bonde viss eg ikkje får tak i frå ein hage eller frå skogen.

Eg syltar andre ting enn mor mi og bestemor mi, og tilset krydder og andre smakar som gjer at mykje av det eg lagar smakar annleis enn det dei laga. Men noko er som det alltid har vore, og vafler med nyrørte jordbær er framleis det beste eg veit.

Jordbær og rabarbra er ein flott kombinasjon, og når rabarbraen treng sårt til hausting i midten av juni foreslår eg at du lagar dette syltetøyet.

Dette er det første syltetøyet eg lagar om sommaren. Med ein gong dei første jordbæra kjem, kjøper eg to korger og lagar ein porsjon som går fort med til frukost og i musliskåla.

I dette syltetøyet har eg sitronsyre, elles blir både rabarbra og jordbær fort brun på farge. Sitronsyra gjer at bæra lettare held på den friske fargen. Det kan også lagast utan sitronsyre og syltepulver. Då bør det i så fall frysast i små boksar.

Jordbær- og rabarbrasyltetøy

1 kg jordbær

1 kg rabarbra

1 kg sukker

3 dl vatn

20 g fersk ingefær

1 pk. syltepulver

1 ts sitronsyre

Reins og finhakk ingefæren. Ha vatnet og 100 gram av sukkeret i ei lita gryte. La dette koke på middels varme i 15 minutt til det blir som ein sirup.

Bland reinsa jordbær og rabarbra i ein kjele. Ha i sirupen med ingefær. Kok opp utan lok, og la det koke i 5 minutt til både jordbær og rabarbra er møre. Skum av. Rør saman sukker, sitronsyre og syltepulver, og rør dette i. Gi syltetøyet eit oppkok.

Ha syltetøyet på reine, varme glas. Lukk dei med ein gong, og oppbevar dei mørkt og kjølig.

7 Comments

  1. Ja, tidene har forandra seg. Eg hugsar og at dei store pannene vart tekne fram til sylting. No syltar eg og gjerne berre med ein pakke syltepulver om gongen. DSå kan ein og tore å eksperimentere med ulike tilsetjingar!

    Likar

  2. Takk for oppskrifta. Eg har aldri laga syltetøy før, men dette var jo kjempelett! Og veldig godt. No blir det nok (nesten) aldri meir kjøpesyltetøy her i huset.

    Likar

  3. Super oppskrift – jeg har laget syltetøy i kveld og det lille jeg prøvesmakte ble kjempegodt 🙂 Dessuten tok det rett under to timer fra jeg starta til alt var ferdig, inkludert oppvasken ferdig, og det var jo greit. Mitt ble rødere enn ditt, men jeg tror kanskje det beror på at det måtte koke litt lenger enn oppskrifta sier for at alt skulle bli ordentlig mørt. Nå gleder jeg meg til frokost i morgen ❤

    Likar

  4. Babel says

    Hei fine altgodt:) Jeg har nettopp sylta nesten identisk – bare uten ingefær og sitronsyre, og med sirup av to dl vann, 2 dl sukker og 16 hylleblomstskjermer som kokes i 5 min i stedet for vannmengden din. Veldig godt, dersom du skulle ønske en ny vri…

    Likar

  5. Tilbakeping: Den store bryllupskaka « Alt godt

  6. Tilbakeping: St.Hans syltetøy | humlehagen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s