Fastelavensfest
Eigentleg er det tre feiringar denne søndagen, morsdag, valentinerdagen og fastelaven. Eg held meg til fastelaven, eller fastelavn, som ein norsklærar påpeikte er det rette namnet. Faste er vanleg i mange religiøse retningar. Islam har sin ramadan, ein månad med faste, og jødedomen har sin Yom Kippur. I kristendomen innleier ein fasta onsdagen i den sjuande veka før første påskedag, og den varer i 40 dagar til minne om då Jesus fasta 40 dagar i ørkenen. Fastelavn har strengt tatt ikkje noko med faste å gjere, tvert imot er det nokre dagar før fasta då ein et ekstra fin og feit mat. Gulatingslova nedla forbod mot å ete kjøt i fasta, og åt ein kjøt kunne ein verte ilagd bøter. Fastelavn kjem av det tyske ordet Fastel-abend, og tyder kvelden før fasta. Fastelavn vart markert med rikeleg, feit mat før ei tid med ransaking og ettertanke fram mot høgtida. Fastelavnsbollar er truleg eit tysk påfunn (slik mange av tradisjonane våre er) og dei vart baka i Bergen av hanseatane. Tysk baketradisjon stod sterkt i Bergen, …