Denne songen syng alle studentkor eg kjenner til, muligens med unntak av Svæveru», som er så fulle av seg sjølv at dei berre syng eigne verk. Java Jive er opprinneleg skriven av vaudevillekomponisten Ben Oakland, og vart ein kjempehit med the Ink Spots i 1940. The Ink Spots var ei vokalgruppe som saman med The Mills Brothers farta USA rundt på 30- og 40-talet for å halde moralen og humøret oppe.
Den versjonen som alle kan (eller kjenner) er likevel Manhattan Transfer sin. Det var faktisk deira første song saman. Den er ein utruleg fin liten komposisjon, med solostemmene vekslande mellom stemmene og lekker harmonikk. Har du sunge denne i ditt kor?
Jepp, denne syng vi i damekoret mitt, Lyst! Folk blir alltid så glade når vi stemmer igong med denne! Eg trur alle har eit eller anna forhold til denne songen!
Jepp – sunget den med deg, vet du! 🙂
Nope. I mine kor sang vi Bach og Brahms og sånn. Java jive blir da altfor løssluppen 😆