Billig mat, Fisk, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 9

Elsk din kvardag


Eg googlar dette uttrykket, og finn det ingen annan stad enn her i bloggen. Då må eg vel ha funne på det? Eg veit ikkje. Iallfall: Her er ein klassisk kvardagsmiddag, som det definitivt kan gå an å elske.

Fiskebollar er kvardagsmat, men desse er ikkje av kvardagssort. Far min hadde dei med ned frå Sunnmøre, dei er laga ved Ørsta Fiskemat, og er av første klasse. Der lagar dei visst glutenfrie fiskebollar og, har eg høyrt.

Eg serverer dei med ein enkel ertepuré, og den klassiske kvitsausen. På ICA sel dei store posar med frosne, lekre, grøne erter for under tjue kroner. Fullt på høgde med dei tøysete små posane med selskapserter som ein får rundt omkring. Slik gjorde eg det:

Fiskebollesaus

4 ss smør

4 ss mjøl

1/2 liter mjølk

Krafta frå fiskebollane – viss den er god

Litt sitronsaft

Salt, peppar og muskat

Set omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk og fiskebollekraft (ha i meir mjølk viss krafta ikkje er brukande), og rør sausen glatt. La den småputre på svak varme medan du rører av og til. Smak til sausen med sitronsaft, salt, peppar og muskat. Ha fiskebollane i sausen, og la dei bli gjennomvarme.

Ertepuré

250 g frosne erter

2 ss naturell yoghurt

1 ss smør

Kok ertene i salta vatn, litt saltare enn du trur er passe. Dei skal berre koke i eitt par minutt.

La dei renne av, og ha dei tilbake i gryta. Ha i yoghurt og smør. Smak eventuelt til med salt og peppar. Køyr det glatt med stavmiksar.

9 Comments

  1. Gode fiskeboller er festmat! Vi pleier lage våre egne, mannfolket sørger for fisken. Skal sannelig prøve din ertepure til dem neste gang!

    Likar

  2. Takk for inspirasjon og nok en herlig oppskrift.

    Svigermor lager fantastiske fiskeboller; jeg skal be henne lære meg opp 🙂

    Likar

  3. Mmmmmm, den puréen må eg prøve meg på. Brukte før å putte ertene i sausen, men det er ikkje populært blant familiens yngste…

    Likar

  4. Det gjorde eg og før! Elstemann elskar erter. Når han er heime lagar eg middag av ein boks fiskebollar i tillegg til anna fiskemiddag.
    Eg har eit kvardagsmatspørsmål: Lagar du noko godt av kyllingkjøtdeig?? Det skal vere så sunt, men eg slit med å like det.

    Likar

  5. Det skal eg prøve! Trur eg nappa oppskrifta ut frå Sunnmørsposten ein gong saman med Den raskaste sjokoladekaka som har vorte ein klassikar i «Kakeval» på skulekjøkenet.. Eit funn for dei som treng ei enkel oppskrift og som då får lage den beste kaka!

    Likar

  6. Silje says

    Inspirerende, skal absolutt prøves. Men kanskje jeg går glipp av noe i oppskrifta, hvorfor skal man skru ovnen på 200 grader egentlig?

    Likar

  7. Hahaha, for å få det godt og varmt på kjøkkenet. Neida, dropp det med omnen. Eg klipte sauseteksten frå ei gratengoppskrift. Der har ein for å vere kjapp! 😆

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s