Tjue år har gått sidan Nelson Mandela vart sett fri frå fangenskapet, først atten år på Robben Island utanfor Capetown, og etter det dei siste åra i Pollsmoor Prison i Sør-Afrika.
Eg var aktiv i politiske og ideologiske ungdomsorganisasjonar på åttitalet, og å slåss for eit fritt Sør-Afrika var ein sjølvsagt del av dette politiske engasjementet. Samstundes forsvarte vi Paul Simon, som dro dit, samarbeidde med sør-afrikanske musikarar og skapte fantasisk musikk, som til dømes på plata Graceland. Sjå på fotarbeidet til Ladysmith Black Mambazo i denne filmen, eg bøyer meg i støvet.
Nelson Mandela står for meg som eit menneske med enorm styrke og integritet. Han ga ikkje etter for krava av apartheidregimet, men samstundes var han blant dei første til å mane til forsoning mellom dei svarte og dei kvite i landet og i resten av Afrika. Blikket han gjev meg eit minutt inne i denne filmen frå BBC får tårene til å sprette på meg, så mykje klokskap, smerte og stille glede på ein gong i eitt blikk. Gratulerer med dagen, Nelson Mandela!
Nydelig – ble beveget 🙂
Jane