Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag
Comment 1

Ei slags bokmelding

Eg får ofte bøker som forlaga vil eg skal skrive ei bokmelding om, og eg har dessverre vore litt sløv med å følge opp dette. Planen er å ta eit lite jafs no framover, og presentere nokre av desse bøkene.

Den eg fann i dag var Marit Røttingsnes Westlie si bok “Lettvint middag i gryte og langpanne”. Boka bygger på eit sympatisk prinsipp: Minst mogeleg forbruk av tid og minst mogeleg oppvask. I like it! Oppskriftene er klassiske, men alle har ein liten original vri på seg. Det varierer frå kjappe kvardagsmiddagar til søndagsmiddagar der du jobbar i fem minutt, og så skal det heile koke ein heil skitur.

Eg syns dette er ei praktisk og fin bok, definitivt verd å ta med seg om du skulle finne den på Mammut eller noko slikt. Den kom i 2007 (ja, eg ligg litt etter… :rødme:) men den er framleis i handelen.

Den oppskrifta eg prøvde var ei enkel kyllingform med brystfiletar. Denne oppskrifta skil seg frå dei andre ved at du må bruke både ei steikepanne og ei eldfast form, men eg tilga Marit alt når eg smakte resultatet. Den er kjempegod! Eg har redusert porsjonen litt, vi var berre tre til middag. Men den er kjempefin å lage når ein skal “fore” mange, som i ein bursdag eller til ein klubbkveld. Slik gjorde eg det:

Kyllingform

Smør eller olivenolje til steiking

Tre store kyllingbrystfiletar

3 tomatar

Ein løk

3 kvitløksfedd

Ein raud paprika

2 dl fløte

1 dl mjølk

150 g kvitost

Salt og peppar, eg tok også litt flytande buljong

Sett omnen på 200 grader. Varm steikefeittet ditt i ei steikepanne. Eg brukte bremykt, eg er svak for smørsmak. Legg i filetane, og salte og pepre dei. La dei få fin skorpe, men dei treng ikkje vere gjennomsteikte. Legg dei i ei eldfast form. Finhakk tomatane, og ha dei over. Rens og skrell kvitløk, løk og paprika.

Ta litt meir feitt i panna, og ha i løk og kvitløk. La det få litt farge og surre litt før du fordelar det over kyllingbrysta. Kutt paprikaen i tynne strimlar og fordel over. Slå på mjølk og fløte, eg hadde også i litt flytande buljong. Kvern over peppar, og salt litt.

Dryss på obskøne mengder ost. Sett forma i omnen, og la den stå der i ca. 40 minutt.

I mellomtida kan du koke ris og eventuelt lage ein liten salat. Mmmmm!

1 Comment

Leave a Reply