Ferie, Reise
Comments 5

På sparket


Vi hadde ein idé om at det hadde vore fint å sjå Mont St. Michel, men ingen klare planar, som vanleg. Vegen blir til medan ein går, ikkje sant? I går kveld vart vi einige om at i dag ville vere ein fin dag for langtur.

IMG_8850Vi køyrde til St. Malo, ein fantasisk liten festningsby litt aust for St. Michel. Der såg vi skilt om at det går ferjer til Jersey. Kanskje ein tur til England hadde vore fint?

Så vi stakk innom billettkontoret, og ved hjelp av medbrakt mac fekk vi ordna hotell og.

Så no sit vi på eit hotell like ved Mont St. Michel, og skal dit i morgon føremiddag, før vi går på båten til Jersey i morgon ettermiddag.

Vi har hotell på Jersey to netter, og så vender vi nasa mot Bretagne igjen. Rapportar følgjer så lenge vi har internett.

Nedanfor ser du forresten dagens middag, for dei vaksne vel å merke. Dei to ikkje fullt så vaksne fekk opplæring i at det ikkje er høfleg å lage grimasar og ukvemslydar når andre rundt dei spis rar mat. Slikt må ein og lære. 😉

IMG_8860

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Oh, så lekkert. Det øverste bildet der kunne være et fint grunnlag for en akvarelløvelse. Kan du donere det til meg på mail i litt større format når du kommer hjem, tror du?

    PS: går det an å spørre om slikt uten å framstå som frekk, tro?

    Likar

  2. Maiblomst says

    Mine småtroll er nok yngre enn dine, og her vert det stadig rynka på nasen.
    Alt som er litt annleis enn heime er ikkje brukande. Og dei syns det er ein del, sjølv om me ikkje er lengre avgarde enn England. Då er det godt me bur i ein heim og kan lage mykje mat sjølv. Sjølv om det er tydeleg på utstyrsnivået at her ikkje vert laga svært mykje mat heime. 🙂

    Likar

  3. BÅ: Som eg har sagt før: Any time, dear! 😉

    Maiblomst: Vonar dokke kosar dokke likevel! Det er litt slik hos oss og, eller så er det berre at dei lagar annleis mat enn oss, og brukar anna utstyr enn vi er vande med. Men eg lurer på kva dei tenker når dei ser alle greiene i mitt kjøkken. -Og ikkje minst når dei oppdagar at vi ikkje har mikrobølgeovn. 😮

    Likar

  4. hildeG says

    Hihihiii. Der har vi vært også, medbringende fire barn. Og ansiktsuttrykket til ungene da «pappa spiste noe som RØRTE PÅ SEG!» var mildt sagt ubetalelig (østers…). Masse deilige skalldyr å få i Normandie og Bretagne, også for den som ikke tåler østers og blåskjell. Misunnelig, kjenner jeg. Fergen til Jersey var innstilt da vi var der, så vi kom ikke så langt. D-dag museet i Arromanche er verd et besøk, hvis dere kommer så langt nord. (I alle fall for historisk interesserte). Interessant og koselig liten by også. «Krepperiet» er fortsatt noe ungdommene snakker nostalgisk om her (husker posten din om pannekakene for noen dager siden…) Kos dere!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s