Billig mat, Ferie, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Veggis
Leave a Comment

Franske crepes

Når vi byttar hus er det vanleg at dei vi er gjestar hos legg att noko mat som vi har å ete som første måltid.

pannekakerVårt vertskap la att crepes til oss, ferdigsteikte i ein pakke. Det er heilt vanleg å kjøpe crepes i pakke, dei står og steiker ferske crepes i matavdelinga i dei fleste store kjøpesenter.

Til skilnad frå norske pannekaker er franske crepes ekstremt tynne. Ifølge vår vertinne skuldast det at dei har mykje egg i røra, og røra er ganske tyntflytande. Dei lagar søte og nøytrale crepes, dei nøytrale kan fyllast med alt mellom himmel og jord. Sopp og eggeplomme er den raraste komboen til no.

Når dei steiker pannekakene brukar dei ei flat steikepanne som er større enn vår normale type, og med berre ein ørliten kant. I tillegg dreg dei røra utover med ein slags skyvespade, og snur pannekaka med ein spatel som minner meg om den som bestemor mi brukte når ho steikte lefser.

Vi lagde søte crepes til dessert i dag, og fylte dei med steikte nektarinar. Til dette hadde vi ein klatt rømmesaus. Slik gjorde eg det:

ferdigCrepes

2 dl mjøl

5 dl mjølk

30 g smelta smør

3 egg 

1/2 ts salt

Bland alt saman til ei lett, klumpfri røre. La røra kvile ein halvtimes tid. Ha skikkeleg varm steikepanne, og vri panna fort rundt slik at røra fordelar seg. Riktige crepes skal vere gjennomsiktige som kniplingar. Snu pannekaka når den er passe brun, og steik den litt til på andre sida. Legg pannekakene til side under eit klede. 

nektarinarSkjer to nektarinar i tynne skiver, og legg dei i smør i ei romsleg steikepanne. Steik til dei får fin farge, og er møre igjennom.

Til dette kan du godt bruke litt faste nektarinar. Legg dei på eit fat, og dryss litt sukker over.

i pannaLegg crepesen i steikepanna igjen med litt nytt smør. Legg i nektarinbåtane, og dryss over litt brunt sukker, eg brukte demerara, det smeltar fint.

Brett crepesen saman til ein pakke, og legg på ein tallerken. Server med ein klatt rømme rørt ut med litt vaniljesukker.

Leave a Reply