Month: juli 2009

Dei siste jordbæra?

Bøndene i Østfold truar med at til helga er det slutt, då er jordbæra så skada av fukt og elende at dei ikkje kan seljast lenger. No tilskriv eg slike utsegner alminneleg bondesutring, men det kan jo hende han har rett. Då er det om å gjere å kome seg ut og kjøpe eit brett eller to, iallfall viss du har syltespisarar i huset, og det har eg.  Besje med sykle på, kalte veslebroren til venninna mi det, altså skjeve med sylte på. Den beste sylta er alltid rørt jordbær, alt anna er berre for å variere, spør du meg. Sesongen er kort, så vi får nytte høvet når det er her. Frys ned nokre boksar med rensa bær med litt sukker på og, det er deilig til dessertar utover vinteren. Køyrer du dei i hurtigmiksaren blir det jordbærsorbet fort som ein vind. Deilig! Bæra rensar eg rett oppi Kenwood-bollen min som står på vekta, på den måten har eg kontroll på at eg får rett mengd bær i forhold til sukker og frysepulver. Eg …

Dette er ikkje om han mannen

Som eg har lova før, så skal eg ikkje skrive meir om han mannen som døde full av reseptbelagde kjemikaliar i kroppen, og som var ein fantastisk musikar og dansar. Men eg har fortalt før kor gjerne eg skulle ha vore med på noko slikt som dette. No har svenskane gjort det, på Sergels Torg og sentralstasjonen. Sjekk ut denne:  Og dersom eg skulle få tilbod om å vere med på noko slikt så må eg jo øve først, ikkje sant? Og korleis skulle eg klare å lære moovsa?  No har eg funne ut akkurat det, eg må få meg ei slik:  Dette er Thriller, og ikkje Beat it, som dei gjorde i Stockholm, men det er viktig med litt variasjon. Viss du er litt engsteleg for å legge kredittopplysningar på nettet, men likevel vil lære å danse Thriller, så kan du blåse opp denne litt:  Det einaste som er dumt er at den ikkje er raud.  T-skjorta er lagd av  Threadless.

Dufta av ei rose – på glas

Rosene står i fullt flor, dei er på sitt finaste no. Eg elskar roser, dei er så intenst vakre, med lysande fargar og fascinerande former. Nokre av dei duftar til og med, og det er dei duftande eg har leika meg med i det siste. Knuppar av duftande roser kan du ta inn og tørke på låg varme, då får du velduftande pynt til potpurri, til å pynte bordet med og til å sette på toppen av ein muffins med rosa glasur. Når rosa har slått ut, og akkurat skal til å sleppe blada, gjeld det å vere der og samle dei inn. Eg lagar rosegelé av roseblada, ein vakker, cerisefarga gelé som du kan servere til ein god ost, til kjøt eller bruke til å gje ei kake rosesmak med. Det er mange rosesortar som duftar, og New Dawn, Lykkefund, Aloha og Louise Odier er sikre sortar som er lette å få tak i og som luktar fantastisk. Souvenir du dr. Jamain er ei mørk raud rose som er flott å blande i saman …

Noko av det vakraste XIX

No er det lenge sidan eg har posta noko skikkeleg vakkert her. Songen du får høyre i dag er framført av kammerkoret Nova på God morgen Norge, eg veit ikkje heilt når. Dei syng heilt fantastisk, og når ein attpåtil tek omsyn til at framføringa skjedde klokka 06:50, altså før fugl skeit på jord, så er det ikkje mindre enn imponerande. Dirigenten er Anne Karin Sunndal. Teksten er av William Shakespeare, nærare bestemt hans sonette nr. 18, Shall I compare thee to a summer’s day. Det er kjend tekst for alle som kan sin Shakespeare, eller som har sett Shakespeare in love. Teksten er tonesett av den svenske komponisten Nils Lindberg, ein svensk komponist som arbeider i grenseland mellom jazz og klassisk musikk. Han har mellom anna samarbeidd mykje med Alice Babs. Dette stykket inngår i ei suite som kallast O Mistress mine, som kom i 1990. Det var ikkje lenge etter dette eg song det for første gongen, det kunne ha vore i 1992, kanskje, på Norges Korforbund sin sommarkorskule. Arrangementet har lekre akkordar, …

Mat til berre meg

I dag skriv eg for deg som lagar mat berre til deg sjølv. Det er lett å ”ta det lettvint” når ein ikkje skal ete saman med andre. Det merkar eg sjølv dei gongane mann og barn er bortreist, og eg skal lage noko i ei fart. Men eg har valt å snu på det: No lagar eg mat berre til meg sjølv. Då skal eg lage noko kjempegodt, og kose meg skikkeleg! 

Eg vil gje dokke nokre gode oppskrifter på middagar til ein person som er enkle å lage, men samstundes smakar fortreffeleg. Den første er foliebakt fisk med grønsaker. Det er så enkelt at det grensar til det banale, men eg vart mint på denne måten å lage fisk på av mora mi her om dagen, og kom på at eg har ikkje gjort det sidan eg studerte og budde på hybel. Synd og skam, for dette er ein kjempegod og enkel måte å lage mat til ”berre meg” på. Slik gjer du det:

 Foliebakt fisk
 200 g fisk (alle typar fisk kan brukast. …

Alltid dårleg tid…

Eg er av den typen som alltid får dårleg tid. Ikkje katastrofe, eg kjem ikkje ein halvtime for seint (med mindre noko heilt spesielt har skjedd), men mellom fem og ti minutt sein kan eg nok vere. Til møter på jobben kjem eg stort sett tidsnok, men det kan skje der og. Eit tiltak eg har brukt er å stille klokka slik at den går tre minutt for fort. Det funkar ofte, eg er såpass surrete at eg gløymer eg har gjort det, og dermed så kjem eg litt nærare på tida. Veggklokkene på jobb har eg ikkje fått gjort noko med, men her er min store sjanse. Eg jobbar jo med innkjøp, så dette må vel falle inn under mitt mandat – å kjøpe inn ein del av desse. Kva trur du? Vil dei hjelpe fleire enn meg, eller bør eg berre få ei til mitt kontor?    Frå Diamantini & Domeniconi

Søt bakst

I dag har Heidi lagd avansert gjærbakst; ein klassisk wienerdeig, som ein brukar til wienerbrød, stenger og dessertar. No for tida må ein vel helst ha gått på konditorlinja eller på husmorskule for 40 år sidan for å ha lært dette, eller du kan lære det her! 😀 Alt godt Gjærdeig er eit supert materiale å jobbe med. Du kan lage alle slags variantar av gjærdeig ved å  endre litt på ingrediensane. Utgangspunktet er den grå, triste gjærklumpen som verken luktar eller ser god ut, men som formerer seg i rekordfart. Det siste eg har lært er å ha litt bakepulver i deigen! Då vert baksten endå meir luftig, og det er nettopp denne eigenskapen vi ønskjer med ein gjærdeig. Du kan og byte ut halvparten av mjølka med vatn, det gjer og at deigen vert luftigare. Tunge deigar gir som kjent eit dårleg resultat. Ein wienerdeig er ein tung gjærdeig, men der kjevler vi inn smøret eller margarinen i fleire omgangar og dermed vert resultatet sprøtt bakverk som liknar på butterdeig. Eg ga denne …

Fredeleg fredag

Vel heime, etter at tiåringen har tilbrakt to og ein halv time på Ringen kino med Transformers 2, og vi begge har spist deilig middag på Noahs Ark. Fredagsfreden senkar seg, og eg ynskjer alle som stikk innom ei fredeleg helg med eit bilde av «trappa mi». Ved inngangsdøra har eg to Ikeahyller i stål, som ber trappeblomane. Fint, ikkje sant?

Grilltilbehør – bakt løk

Dette har eg lært av ei venninne, og for meg som elskar løk så er dette det perfekte grilltilbehøret. Når ein sekk med 5 kg løk kostar 20 kroner på Grønland, og du har urter i hagen, er dette noko av det billigaste du kan servere og.  Du kan bake den i omnen, eller på grillen. Inne i den fine foliepakken blandar smaken av salt, urter og smør seg til ein perfekt smak for å balansere kjøtt, poteter eller salat.  Datra mi påstår ho ikkje likar løk, så ho slepp å få ein slik pakke, men alle vi andre kosar oss med vår eigen pakke med bakt løk til grillmaten. Her kan du variere med urter og krydder. Eg har brukt salvie, men persille, timian, oregano og merian kan godt brukast. Litt løpstikke får og vere med, berre det ikkje blir for mykje. Slik gjorde eg det: Bakt løk Ein løk per person 1 ss smør per løk Det du har av urter Salt og peppar Sett omnen på 200 grader, eller fyr opp grillen. …

Yves Rocher: Voile d’Ambre

Yves Rocher, postordrekongen, har komponert ein del dufter som definitivt har noko ved seg. Ikkje alle har like god stamina, men særleg dei som kjem i Eau de Parfum-styrke gjer nok av seg til at dei kan vere verd pengane.  I tillegg kan du bestille prøver, eg trur eg betalte ein femtilapp til saman for femten prøver (rett nok våtserviettar, ikkje minisprayar) pluss ein masse anna dill som kom saman med dei. Du må berre stålsette deg, og godta teppebombinga av skritteljarar, venninnetilbod, pysjamasar i storleik lita dokke og alt det der. Voile d’Ambre er ei duft basert på syntetisk amber. Ekte ambergris, eit kompakt sekret frå galleblæra til spermasettkvalen, er dyrt og sjeldant, og mange kjemiske substitutt er på marknaden. Kouros, Obsession og Egoïste er klassiske herredufter med amber, og Coco, Burberry Brit og Jan-Paul Gaultiér Classique er nokre av dei mange dameduftene med denne noten.  Amber blir ofte balansert med sitrus, og i Voile d’Ambre er grøn mandarin med på å lage ei frisk, men også nokså skarp opning. Den dempar seg ganske …

Fetabakt laks

Dette er ein av dei mange rettane på det greske festbordet eg lagde for eitt par veker sidan. Denne kan varierast på ulike måtar, men utgangspunktet er laks og fetaost. Eg brukte salmalaks, den er lettvinn når ein skal lage mat til mange fort. Til kvardags brukar eg fersk filet, eller frossen i firepakkar viss eg har i frysaren (og huskar på å ta den ut). Den er også fin til fest, fordi den kan førebuast langt på veg på førehand, og skal berre ein rask tur i omnen. Eg lagar ein fetakrem med lys balsamicoeddik og svart peppar, den kan du gjerne også blande med urter viss du har lyst til det. Eg har lagd denne med geitefeta frå Sverige, det var perfekt for mi mjølkeallergiske venninne. Slik gjorde eg det: Fetabakt laks 600 g laksefilet 200 g fetaost 2 ss lys balsamico Sitron og basilikumblad Salt og peppar Set omnen på 180 grader. Skjer opp fisken i passe store bitar. Legg dei i ei form som du legg bakepapir i botnen på. Dryss …

Berre denne siste

Eg lovar at det ikkje blir meir Michael Jackson-nostalgi no, men eg må berre få vise dokke denne videoen. Det er den første framføringa deira på Ed Sullivan Show i 1969. For meg er denne eit døme på den fantastiske musikaliteten dette mennesket hadde i seg. Han syng så reint, så presist, utan å jukse, og samstundes så medrivande og hjartevarmande. Smokey Robinson skreiv den, og Jackson five gjorde ein cover av den utan at han visste om det. I minnestunda for MJ fortalte han om kjenslene dette vekte i han, først og fremst kor uforståeleg det var at denne guten på 1o år kunne formidle det Smokey Robinson hadde lagt i denne teksten. Vakkert.

Veggis-tortellini

Eg er inne i ein «i all enkelheit»-stim når det gjeld matlaging, og det er kanskje like greit.  Ungane er bortreist, vi kjem oss til bordet seint, og det er fristande å ty til enkle middel. Men enkle middel kan sjølvsagt også smake godt, og det er ei slik oppskrift du får av meg i dag. Eit av mine favorittilbehør er bakte, store soppar. Du kan bruke dei fancy portobellosoppane, eller du kan bruke billige, store sjampinjongar viss du finn det. Eg dyppar dei i ei gugge av teriyakisaus eller grillsaus, og flytande bremykt, og så bakar eg dei i omnen. Dei kan spisast som dei er, eller brukast i ein salat eller ein saus.  Asparges blir heller aldri feil, og dei har noko av den same umamismaken som sopp har; ein slik kjøttaktig, mør og saftig smak som ikkje er salt, men som berre er god. Slik gjorde eg det: Veggistortellini med asparges og sopp 1 pakke tortellini med spinat og ost To store sjampinjongar  2 ss teriyakisaus eller grillsaus 2 ss flytande bremykt …

Ein tur rundt i byen

Det er eit stort frynsegode å ha jobben liggande slik at ein kan sette seg på sykkelen og lunte sakte nedover Grünerløkka, irritere seg over fotgjengarane i sykkelfeltet i Markveien, nyte freden i Birkelunden og på Olaf Ryes plass, stoppe på Youngstorget og høyre på lydprøve med Hallelujah-kameratane til Sommaråpent i kveld og stikke ein tur innom parfymeavdelinga på Glasmagasinet.  (Dei har ikkje fått altfor god kritikk, desse karane som syng firstemt, men ein ting skal dei ha, i motsetning til ein del andre som står og lagar lyd i sentrum; dei har øvd. Og dei har ein trommis som får til eit overbevisande Steve Gadd-trommeriff på 50 ways to leave your lover. Me like.) Det er 30% rabatt på alt mulig av glas, servise, bestikk og gryter i første etasje og underetasjen i same sjappe, dei påstår at dei feirar 270-årsjubileet, men dei treng nok kontantar. Det ser ut som om dei er rana enkelte stader, men dei har masse fint igjen likevel. Sjølv om det er eit år sidan dei opna oppdaga eg …

Ruccolapesto

Er du så heldig at du har stauderuccola så kjem den att år etter år. Diplotaxis tenuifolia heiter den, og kom visstnok i ballastvatnet til skip langs sørlandskysten og har etablert seg der. Den har gule blomar, og ein fin, sennepsaktig smak. Ikkje utan grunn at svenskane kallar den sandsennep. Enkelte hevdar at det norske namnet er steinsennep, men det har eg ikkje vore borti.  Ei venninne trengte opprydding i ruccolakrattet sitt, og melde meg frivillig til å eksperimentere med fangsten. Ein heil brødpose vart med heim, då eg vog den kom eg til 315 gram. Her får du oppskrift på halv mengde, det er ikkje alle som har ein heil åker å ta av. Slik gjorde eg det: Ruccolapesto 150 g ruccola 1 fedd kvitløk 1 dl olivenolje 2 ts kapers 2 ss kvit balsamico eller annan lys eddik 100 g parmesan 100 g pinjekjerner 1 ts sukker 1 ss strøkavring salt og peppar Riv osten. Køyrer du osten i matmølla risikerer du grove bitar som det ikkje er noko stilig å møte på …

Imponerande…

Ei heldig dame i Oslo eig denne; det er ei flaske med Eau de Parfum Shalimar med bimønster. Kor stor den er veit eg ikkje, eg vart så befippa då ho tok den fram at eg gløymde å spørje. Men den er sikkert 750 ml eller ein liter. På henne luktar denne parfymen heilt fantastisk, på meg luktar den gammal dame, dessverre. Eg har verkeleg prøvd å like den. 

Berre pølser

Vi skal berre ha pølser i dag, tok eg meg i å seie. Pølser har blitt utskjelt mat, men jammen er dei gode å ty til når dagen er travel og ein må handle i ein butikk utan ferskvaredisk.  Men det er fullt mogeleg å servere pølser på ein måte som både smakar godt, og som ser lekkert ut. I dag serverer eg dei med ein potetsalat, ikkje ein av majonestypen med med olje- og eddikdressing. Det blir friskare, og færre kaloriar er det sikkert også, i den grad du er oppteken av det. Etter at eg lokka lesarane mine ut på galeien med å saltsylte sitronar så må eg nødvendigvis by på oppskrifter der ein faktisk brukar desse sitronane. I denne potetsalatdressingen passar dei perfekt, så her blir du kvitt litt av glaset du lagde.  Eg slo på stortromma, og linda bacon rundt pølsene. Den røykte smaken er god i balanse med den syrlege potetsalaten. Slik gjorde eg det: Potetsalat 800 g nypoteter 2 ss salt 1,5 dl olivenolje 0,5 dl eplesidereddik eller kvitvinseddik …

Dufta av ei rose

I det siste har eg leita etter den optimale roseparfymen. Rosene blomstrar i hagen, nokre av dei luktar heilt fantastisk, og eg skulle ønske eg kunne lukte slik.  Eg har ved fleire høve prøvd Paul Smith Rose, som han lagde til kona si i gåve, og som vart lansert på Chelsea flower show, for sikkerheits skuld. Den duftar lekkert, elegant og med god «sillage». (Kan nokon hjelpe meg med å finne eit godt norsk ord for den skya vi parfymebrukarar går rundt med omkring oss?) Den varer også godt, sommarflankeren av den er også god men døyr etter ein halvtime. Men det er noko som plagar meg med denne, som gjer at den ikkje er optimal for meg. Kva det er fann eg ut då eg sjekka notelista, den har ganske mykje fiol i seg. Det er ein «dealbreaker» for meg, så eg måtte gje Paul Smith på båten, sjølv om eg likar mange av dei andre duftene hans. Den neste eg prøvde var den nye flankeren til Laura Biagiotti, Laura Rosé. Laura vart lansert …

Kvitløksbrød

Til salaten vi spiste i går lagde eg eit kjempeenkelt kvitløksbrød. På ein varm og slitsom dag måtte anstrengelsane begrensast mest mogeleg. Eg kjøpte halvsteikte baguettar, og lagde kvitløksbrød på den måten. Slik gjorde eg det: Kvitløksbrød til fire 2 vanlege baguettar 3 ss smør 2 kvitløksfedd 1 ss grasløk  Nykverna peppar Sett omnen på 220 grader. Viss smøret ditt ikkje er mjukt, så skjer det i tynne skiver og legg det på ein asjett, så mjuknar det kjempefort. Kna smøret med ein gaffel, og ha i pressa eller hakka kvitløk, peppar og det du måtte ha av urter, eg brukte grasløk. Du kan bytte ut grasløken med vårløk, purre, persille eller kjørvel, basilikum og timian passar og fint til dømes til pasta.  Skjer loffane igjennom på langs slik at du får ei oppside og nedside. Legg nedsidene på dobbelt aluminiumsfolie. Smør på halvparten av kvitløkssmøret. Smør andre halvpart på dei to oppsidene, og legg dei oppå. Brett opp kanten på folien, slik at smøret ikkje smeltar ned i omnen. Kvitløkssmør i botnen av steikeomnen …

Endeleg fredag…

Dette har vore ei travel veke, når alle skal ha ferie så spring alle rundt og skal ha ordna masse saker, og då må eg og hive meg rundt og ordne det eine og det andre som står på meg. Dei neste to vekene blir nok rolegare, og eg kan bruke tid på å rydde, arkivere og få ting i orden til hausten går i gang for fullt. I desse to vekene får eg kanskje også tid til å gå heim frå jobb tidleg, og slappe av og nyte rosene i hagen og alt som høyrer med. Dei står der i fullt flor, og eg frydar meg over kor friske og flotte dei er.  Eg har ei sterk kjensle av at neste vår bør eg flytte litt rundt på ting i hagen min. Det er ein del plantar som er feilplassert, slik at dei ikkje kjem til sin rett. Eg har prøvd å vere konsekvent i plantinga mi, men let meg lokke ut på ville vegar av hagegale som fristar med alle mogelege lekre vekstar. …

Jordbær overalt!

No står dei på kvart eit gatehjørne og falbyr årets deilige norske jordbær, no er det berre å sette seg ned med ei korg og nyte dei. Eller lage ein deilig jordbærdessert. Den eg lagar i dag er kanskje mest til fest, men den er enkel å lage, du kan førebu den i god tid før gjestane kjem, den smakar fantastisk og den ser like flott ut som den smakar. Jordbæra blir servert i ei skål av marengs, med piska rømmekrem. Eg likar å marinere jordbæra i litt melis og balsamico, den krydra smaken av balsamico løftar den enkle sødma i jordbæra slik at dei ikkje blir kvalmande slik dei kan bli når det er for mykje av dei. Dette er ein dessert til åtte personar. Slik gjorde eg det:  Marengsbotnar 4 eggekviter 200 g sukker 1 ts kvit 5% eddik, gjerne eplesidereddik eller kvitvinseddik 1 lita klype salt Sett steikeomnen på 100 grader, med varmluft viss du har. Pisk eggekvitene så stive at bollen kan vendast oppned utan at det renn ut. Ha i sukkeret …

i dag må vi ha noko lett…

Når termometeret passerer 30 grader i Oslo er det grunn til å løfte augnebryna. Det er lenge sidan eg har opplevd det. Her kjem ei lett men mettande salatoppskrift, det blir ein ordentleg middag av denne salaten.  Eg har slutta å plukke av aspargesen i hagen, men i butikken har dei masse. Bacon er ein favoritt i salatar, og i dag har eg supplert med squashskiver. Eg steiker baconet først, så kan eg la det trekke på eit handklepapir medan eg steiker squashen i baconfeittet. Det gir god smak. Til slutt fresar eg aspargesen litt, slik at den blir knapt mør. Slik gjorde eg det: Sommarsalat Ein skalk issalat Ein neve ruccola seks tomatar Eit lite knippe grasløk Ein lys stilk stangselleri 100 g bacon 400 g asparges Ein squash Vask salat og tomatar, og la dei renne av. Knekk aspargesen der den gjev etter nederst på stilken. Skrell den litt nederst. Skjer squashen i skrå skiver. Steik baconet på middels varme til det er sprøtt. La det renne av. Steik squashen først, og så …