Dette har vore ei travel veke, når alle skal ha ferie så spring alle rundt og skal ha ordna masse saker, og då må eg og hive meg rundt og ordne det eine og det andre som står på meg. Dei neste to vekene blir nok rolegare, og eg kan bruke tid på å rydde, arkivere og få ting i orden til hausten går i gang for fullt.
I desse to vekene får eg kanskje også tid til å gå heim frå jobb tidleg, og slappe av og nyte rosene i hagen og alt som høyrer med.
Dei står der i fullt flor, og eg frydar meg over kor friske og flotte dei er.
Eg har ei sterk kjensle av at neste vår bør eg flytte litt rundt på ting i hagen min.
Det er ein del plantar som er feilplassert, slik at dei ikkje kjem til sin rett. Eg har prøvd å vere konsekvent i plantinga mi, men let meg lokke ut på ville vegar av hagegale som fristar med alle mogelege lekre vekstar. Litt organisering vil nok vere av det gode, trur eg.
Men inntil eg får omorganiseringsånda over meg så blir det som der er; eit fullkomligt kaos, som Bo Kasper seier. Ha ei fredeleg og fin helg, alle som stikk innom!