Eg er inne i ein “i all enkelheit”-stim når det gjeld matlaging, og det er kanskje like greit.
Ungane er bortreist, vi kjem oss til bordet seint, og det er fristande å ty til enkle middel. Men enkle middel kan sjølvsagt også smake godt, og det er ei slik oppskrift du får av meg i dag.
Eit av mine favorittilbehør er bakte, store soppar. Du kan bruke dei fancy portobellosoppane, eller du kan bruke billige, store sjampinjongar viss du finn det.
Eg dyppar dei i ei gugge av teriyakisaus eller grillsaus, og flytande bremykt, og så bakar eg dei i omnen. Dei kan spisast som dei er, eller brukast i ein salat eller ein saus.
Asparges blir heller aldri feil, og dei har noko av den same umamismaken som sopp har; ein slik kjøttaktig, mør og saftig smak som ikkje er salt, men som berre er god. Slik gjorde eg det:
Veggistortellini med asparges og sopp
1 pakke tortellini med spinat og ost
To store sjampinjongar
2 ss teriyakisaus eller grillsaus
2 ss flytande bremykt eller anna smelta smør eller olivenolje
1 pakke asparges
1 beger lett creme fraiche
Sett omnen på 200 grader. Bland saman teriyakisaus og bremykt, og vend soppane i blandinga. Ta bort stilken etter at du har brukt den som handtak, dei er ikkje så delikate på slike store soppar. Slå resten av blandinga oppi soppane. Legg dei på eit fat med bakepapir, og bak dei i omnen i 20 minutt.
Knekk aspargesane der dei knekk naturleg nederst på stilken, og damp dei i 2 dl vatn med litt urtesalt og litt sitronsaft i tre minutt. Legg dei til side.
Kok tortelliniane etter anvisninga på pakken i godt salta vatn. Ta vare på 1 dl av kokevatnet i ein stor bolle. Rør ut creme fraichen i vatnet. Ta ut soppane i omnen, og ta safta som har danna seg oppå soppane litt og litt i sausen til den er passe salt.
Server med soppen i skiver og asparges på, saman med godt brød.