I dag, sånn rundt kl. 17:00 byrja ferien min! Siste mail er sendt, pulten er rydda (faktisk!) og rapport er skriven til han som skal ta over “leiinga”. Deilig!
No skal vi sette huset i god orden til franskmennene kjem på tirsdag, og vi skal pakke tølene våre. Mandag litt utpå dagen reiser vi avgarde, og får treffe dei vi skal bu i huset til der nede før dei reiser hit. Det er alltid spennande med boligbytte, sjølv om ein har sett bilde så er det alltid ei glede å ta det “nye” huset i bruk. Eg fann forresten denne bloggen her om dagen, er du nysgjerrig på boligbytte kan du lese litt der. Ha ei fredeleg helg!
Ha en herlig ferie 🙂