Ferie, Grønt, Reise
Comment 1

Feriefredag

I dag, sånn rundt kl. 17:00 byrja ferien min! Siste mail er sendt, pulten er rydda (faktisk!) og rapport er skriven til han som skal ta over «leiinga». Deilig!

liljeNo skal vi sette huset i god orden til franskmennene kjem på tirsdag, og  vi skal pakke tølene våre. Mandag litt utpå dagen reiser vi avgarde, og får treffe dei vi skal bu i huset til der nede før dei reiser hit. Det er alltid spennande med boligbytte, sjølv om ein har sett bilde så er det alltid ei glede å ta det «nye» huset i bruk. Eg fann forresten denne bloggen her om dagen, er du nysgjerrig på boligbytte kan du lese litt der. Ha ei fredeleg helg!

This entry was posted in: Ferie, Grønt, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply to TerraDiva Cancel reply