Vi har ei eiga evne til å treffe på festivalar og andre lokale hendingar når vi er ute og fartar på denne måten. Frå 18. til 26. juli pågår festival de Cournouaille Quimper, ein musikk- og dansefestival og folkefest med Sinéad O’Connor, Rokia Traoré og Buena Vista Social Club som toppnamn.
Festivalen ser ut til å ha hovudsakleg indremedisinske og lokalpolitiske formål, den er ikkje i særleg grad marknadsført utover det lokale miljøet. Quimper har 65 000 innbyggarar, så nærområdet er stort nok til at byen er stuvande full av folk heile veka igjennom.
I dag var avslutningsparaden, og den var eit imponerande syn.
Den har visse likskapstrekk med 17. mai, men draktene er faktisk meir varierte, og ikkje så strømlinjeforma som dei norske bunadane.
Korpsa som spelar har ein liten obo-liknande klarinett som leiande instrument, og så er det sekkepiper og trommer som utgjer volumet.
Ein bagad er eit slikt korps, men dei har også gjerne med seg dansarar og andre som finn på ablegøyer undervegs i paraden.
Sambandet med den keltiske kulturen er sterk, både språkleg, visuelt og musikalsk. Det lokale språket Breton er eit keltisk språk på linje med walisisk, og har fint lite med fransk å gjere, utan at det gjer det meir forståeleg for oss stakkars turistar.
I paraden kjem dette til uttrykk først og fremst i musikken, som har eit sterkt irsk preg.
I Quimper (eller Kemper som det heiter på Bretonsk) finn du mange butikkar med keltisk musikk, bøker eller berre keltisk skilt over døra, eit bretonsk namn og Guinness i ølkranene.
Området akkurat her vi bur (utanfor Quimper) kallast Bigouden, etter ei høg blondelue som kvinner frå regionen har på seg når dei giftar seg.
Lua har vakse med tida, fram til andre verdskrigen var den ikkje så veldig høg, men no kan den vere opp mot 40 centimeter.
I paraden er barna med og, om enn ikkje like mykje som på 17. mai. Dei er utkledde med fine kostymer, og alle er over seg når dei passerer.
Eg var mest imponert over at dei klarte å halde motet oppe og halde seg på beina gjennom ein ein og ein halv time lang parade. Vi såg dei heilt på slutten, og då var det nokre som byrja å bli noko slitne.
De obolignende blåseinstrumentene virker det som de holder seg med rundt Middelhavet. Ellers briljant bildedokumentasjon over noe som ser ut som en mangfoldig draktskikk. Og merk – her bruker man hodeplagg, ikke så veldig poppis hjemme hos oss. 😉