Mat, Middag
Comments 5

Middag i Bretagne


No sit eg på McDonalds og skriv, nettforbindelsen i huset vårt er nede. Vi prøver å la vere å flyge i synet på kvarandre, les bøkene våre og fartar mykje rundt. I dag er vi i Brest, har besøkt eit fantastisk akvarium. 

Men det viktigaste først: Eg lagde noko kjempegodt til middag i går, så godt at dokke må få ta del i det. Vi var i fiskebutikken, og fann noko dei kallar Julienne, det er ein type brosme. Fin, kvit fisk, ikkje så kvit som hyse og litt fastare enn torsk. Eg bakte den i rømmesaus, og det er verd å gjenta. Slik gjorde eg det:

IMG_8313Rømmebakt fisk

800 g kvit, fast fisk

5 dl creme fraiche

1 ss sennep, gjerne fransk

1 ts sukker

2 vårløkar

Masse salt og peppar

IMG_8320Sett omnen på 200 grader. Rør saman rømmen med krydder og sennep. Legg fisken i ei eldfast form. Strø på salt, meir enn du trur. Strø hakka vårløk over og rundt omkring. Slå over rømmesausen.

Bak fisken i 30 minutt, til den er gjennomsteikt. Server med nypoteter og brokkoli.

This entry was posted in: Mat, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Den adopterer jeg omgående! 😀
    Selv om vi ikke har Julienne herover – dette må prøves med feks torsk.
    Bon voyage!!

    Likar

  2. PS: Brasme har vi i vannveiene våre herover, men den fiskes omtrent aldri og jeg har aldri sett det tilbudt til middag. 😦

    Likar

  3. Hei!
    Eg har kjøpt inn ingrediensar til denne retten!
    Flott rosegeleside i avisa i dag! Eg driv og formeirar Aloharoser. Venninna mi hadde ei kjempestor ei som ho laga rosegele av.
    Eg har følgd bloggen din ei tid, og no lurer eg på om eg kan få føre deg opp på blogglista mi?
    P.s.
    Hels Heidi! Ho og eg gjekk på Heimkunnskap i Bergen i lag.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s