Ferie
Comments 8

Om å bytte hus


Mange lurer på korleis det er å bytte hus, og korleis ein gjer det. Først og fremst så er husbytte ein effektiv og billig måte å bli godt kjent med kulturen i eit land på. Ein ser korleis folk bur, kva bøker dei les, kva utstyr dei har, kva som er vanleg levestandard. Det syns eg er noko av det mest interessante ved husbytte.

Ein hamnar som regel ikkje rett på stranda midt i turiststrøket, ein hamnar gjerne eit stykke utanfor desse sentra. Det gjer at ein kanskje må i bil for å kome på badestranda, men det er det verd for å sleppe fulle engelskmenn og tyskerar «i maten». 

Vi sparer masse pengar fordi vi ikkje betalar for husvere og for leigebil. I tillegg lagar vi ofte våre eigne måltid, og det er også billegare enn å gå på restaurant to gongar for dag. 

Vi førebur oss til eit bytte ved å rydde i huset, støvsuge og å tømme ein matskuff på kjøkkenet. Eg nyttar også høvet til å vaske og rydde i kjøleskapet, det bør ein jo gjere med jamne mellomrom uansett, og hos oss er det altså årleg, før kvart boligbytte.

Når alle har pakka kofferten sin, fjernar eg tøy frå to skuffer for kvar person på dei soveromma som skal brukast, og legg tøyet i kasser som eg set på loftet. Då har dei som kjem plass til sitt tøy. Eg ryddar også fri ei hylle på badet, slik at dei kan ha sine toalettsaker der.

Så handlar vi inn til eit måltid, denne gongen handla vi brødmat. Jarlsbergost, god skinke og ferskt brød samt tomatar, ein fin salat og litt frukt. Då vi fekk egyptarar på besøk i fjor handla eg inn ein familiepakning med kylling, samt litt grønsaker. Dette er for at dei skal sleppe å dra avgarde på butikken med ein gong dei kjem, dei kan pakke ut og slappe av dei første timane før dei byrjar å gjere seg kjende i nabolaget.

Mange er skeptiske til å sleppe «framande» inn i huset. Til det må eg seie at dei følest ikkje som framande. Vi har maila fram og tilbake i nærare eit halvt år, og spurt om dette og hint, vi syns eigentleg vi kjenner kvarandre ganske godt. Spørsmål som «kva mobilladarar har dokke», «er der trådlaust nett», Vi legg att føne, har dokke ei vi kan bruke» , «kva joggeturar kan dokke anbefale i nabolaget» får vi svar på før vi reiser. På denne måten merker vi godt kva innstilling dei vi mailar med har. 

Dei mest vellykka bytta har vi med familier som har barn på vår alder. Då er der leiker, syklar, filmar, bøker og andre ting ungane kan ha glede av. I tillegg har dei ofte venner på same alder som stikk innom, og som våre barn kan bli kjent med. Bilstolar og anna sikkerheitsutstyr er det også greit å sleppe å dra på, når du veit at dei du byttar med har slikt utstyr.

Når vi reiser ser det altså reint og ryddig ut, sengene har nytt sengetøy og det er eit måltid i kjøleskapet. Det er det som skal til. Vi har også laga «house instructions», der vi skriv litt om dei tekniske innretningane i huset, kva ein bør sjå i nabolaget og med telefonnummer til vaktmester, legevakt, brannvesenet og politi. Vi varslar også naboane, slik at dei er klar over at det kjem nokon hos oss medan vi er borte. Vi skriv ein kontrakt om bilbytet som dei kan ha med seg viss dei vert stansa av politiet. Mal for slike kontrakter ligg på http://www.boligbytte.no.

Syns du dette høyrest spennande ut, og har fleire spørsmål, så fyr laus. Eg skal svare så godt eg kan.

This entry was posted in: Ferie

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Vi synes dette høres særdeles interessant ut, men på grunn av studier er det stort sett kortere bytter (som en helg++) som er aktuelle. Hvordan gjør man det med nøkler og sånn i slike tilfeller?

    Likar

    • Vanligvis kan dere avtale å møtes på en flyplass for å bytte nøkler. Selv har vi byttet mer enn 10 ganger og vi pleier å invitere boligbytterne hjem til oss for å bli kjent. Så reiser vi til deres hus dagen etter. Når byttet er ferdig kommer de gjerne hjem og overnatter og vi reiser dagen etter. På den måten kan vi få høre om hverandres erfaringer og se hverandres bilder! Det pleier å være svært vellykket! Det er på slutten av ferien for begge familier og alle er avslappet og i godt humør.

      Likar

  2. Odd Østli says

    Hei!! Jeg har lenge forsøkt å finne noe i «varmere strøk» som kan gagne oss. Vi er egentlig ute etter å leie et lite krypinn for de verste vintermnd.
    Samtidig kunne vi godt tenkt oss og bytte i den tiden, men det vi har er kanskje litt for komplisert. Vi bor ganske øde – 50 km sør for Tromsø, med usikkert vintervann, lang vei å måke – og utedo. Det har vært ei hytte før.
    Så vi innser jo at skal vi realisere dette, må vi nesten ut på leiemarkedet ute i verden. Finner jo noe, men det virker som at det er de «profesjonelle» aktørene som dominerer på nettet, og det blir for dyrt for oss. Vet du om noe, så vil jeg være veldig glad om du tipser meg.. Vennlig hilsen Odd

    Likar

    • Hei. Vi hadde for et par år siden et medlem i HomeLink som bodde på Svalbard. De ville gjerne bytte om vinteren til varmere strøk og de regnet med at mange ville synes det var eksotisk å kunne reise til Svalbard i mørketiden. Såvidt jeg husker var de mest interessert i bytte i romjulen.
      Jeg vet ikke hvordan dette gikk og om de fikk bytte. Men muligheten er der! Det er klart at du vil få mange færre svar med et bytteforslag om vinteren sammenlignet med et bytteforslag i juli-august, da det er storsesong.

      Likar

  3. Her har eg vore skikkeleg sløv, og ikkje svart på spørsmåla. Iallfall:
    Mia: Vi brukar å legge att nøklar på flyplassen der vi landar, det er gjerne hittegodsdisken som har ei slik teneste. På Gardermoen trur eg vi har betalt 70,- for det dei gongane vi har brukt den tenesta. Då ligg parkeringslappen oppi og, og vi har notert kvar bilen står, og det ligg kart med køyreinstruksjonar frå flyplassen og til huset vårt.
    Odd: Det treng ikkje bli komplisert, sjølv om det kanskje er vanskeleg å finne nokre som vil bytte heile perioden. Ein måte å gjere det på er å bytte først, og gjere seg kjent i det området ein vil bu, og så finne ein stad å leige når ein er der nede. Det blir ofte mykje billigare. Mi erfaring er at området rundt Tromsø er ganske populært. Vi har eit hus i Målselv, og egyptarane vi bytta med ville dit. Dei vil tilbake for å sjå nordlyset og mørketida ved eit seinare høve, vi har ikkje planlagt det enno. Det finst også utleigeobjekt i boligbytte-databasen, velg avansert søk, så får du det opp som eit alternativ.

    Likar

  4. Tilbakeping: Danmarkspåske « Alt godt

  5. Tilbakeping: Tilboda rausar inn! « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s