Frustrasjonar, Grønt
Comments 6

Ein juvel eller eit &%$?#% ugras?


Eg veit at ein del ekspertar med grøne/svarte fingrar er innom bloggen min med jamne mellomrom, og i dag treng eg slik kompetanse.

I og med at eg plantar etter innfallsmetoden i ein del tilfelle har eg ikkje full oversikt over alt som står i hagen min. Denne planten veks opp midt i sitronmelissen min. Det vitnar om stor veksekraft og overlevingsevne. 

IMG_8146Først trudde eg det var solhatt, for eg har planta nokre solhattar der utan at eg tenkte på at det er dumt å plante solhatt der ein er plaga med ugrasklokke. Dei er ganske vanskelege å skilje frå kvarandre. Men no ser til og med eg at dette ikkje er solhatt. Den er nesten like høg som meg, altså snart 170 cm. Kva kan det vere?

Den har ikkje blomstra enno, men dersom den er frå «the dark side» har eg ikkje så veldig lyst til å la den blomstre og frø seg medan vi er i Frankrike. Er det ein snill plante, ein skatt frå gåvmilde hagegale, så skal den sjølvsagt få alt det stell den fortener. Anyone?

This entry was posted in: Frustrasjonar, Grønt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. hajal says

    or meg ser det ut som ein eller anna Aster/eventuelt ein Erigeron, men dei finst det jo mange av så det er vanskelig å seie ut frå dette biletet.

    Likar

  2. Sigrid says

    Jeg synes den minner om Estragon – gni et blad og lukt 🙂

    Likar

  3. Aner ikke hva det er men det hørtes jo spennende ut. Så høy….
    Eg fikk besøk av ei som skulle se hagen min ifjord og hun lo godt av meg da hun så noe som eg syntes var en fin blomst. Men det var vist ugress…. men hva gjør vel det så lenge eg syntes den var fin og spennende.

    Likar


  4. (visker veldig lavt), jeg tror det er en asters du fikk i bytte av meg for noen år siden. lyselilla blomster, og voksevilje ja… Den blir ganske høy, og legger seg gjerne utover om den ikke gjetes. jeg troooor jeg advarte deg mot den altså, jeg er ikke så skrekkelig glad i den serru, men den er fin med det at den blomsterer når alt annet har lagt seg om høsten.
    Dersom det er den du fikk av meg, så er det lik denne: http://moseplassen.com/2008/10/hoestasters-aster/

    Likar

  5. Så flott, takk skal du ha, Anne! Då har den teke ei pause ein sesong, for i fjor (og kanskje i forfjor og?) gjorde den ingenting av seg. Den står jo med sitronmelissen som støttegjerde så og seie, så den kjem nok til å klare seg fint!

    Likar

  6. ja, men da skal det jo bli spennende å se om du liker den eller ei 🙂 Om du ikke liker den så er den da i allefall enkel å luke opp igjenn 😉
    Neida, den er jo fin, det er bare det at den legger seg så innmari utover som er problematisk.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s