Bokprosjekt
Comments 5

Puh…


No er eg heilt slakt, etter ei svært hektisk veke så langt.

Vi byrja med London-tur på mandag, frå tidleg morgon til sein kveld. Vi kom att med veskene fulle av fine matvarer, ikkje så mykje anna, men også fulle av opplevingar.

På tirsdag brukte vi dagen på å rydde og stelle i huset vi hadde lånt, og å kome oss heim. Med avreise frå Oxford klokka fire var vi heime halv tolv om kvelden. Onsdag morgon sto eg tidleg opp, og rasa avgarde for å hente lefser hos Pågens, før eg møtte ein gjeng flotte damer på skulekjøkkenet til Ila skule.

Eg hadde nemleg fått i oppdrag å lage maten til haustlanseringa til Samlaget! Onsdag kveld skulle dei presentere alle haustens bøker, og maten var frå Smalhans. Sidan eg var i Oxford hadde eg engasjert tre, og etterkvart fire venninner av meg, til å byrje på matlagingsarbeidet utan meg.

Desse damene prøvde eg etter beste evne å fjernstyre frå Oxford med handlelister og arbeidsplanar, og så vart eg sjølv med frå onsdag morgon. Det vi lagde var:

Gazpacho

Spansk kikertsuppe

Lefserullar med laks

Toast med eggesalat

Gullsprø med ostekrem

Kylling med taboulé

Chilimarinerte reker

Edit: Poteter i vinaigrette

Hummus

Aioli

Baba ganoush

Tapenade

Bakt frukt med rømmekrem

Marengs

Banankakemuffins

Og alle vart glade! Iallfall fekk vi mykje skryt for maten, og det var ein fin måte å presentere boka på, sidan alle oppskriftene står der. Du kan framleis bestille den signert av meg, så kast deg rundt, så får du smake, du og. 🙂

This entry was posted in: Bokprosjekt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Takk for påminninga, Eva, og takk for innsatsen! Det hadde ikkje gått utan deg og dokke. 🙂 I går gløymde eg å presentere suppene. Jaja, eg er ikkje medlem i korttidsminneforeninga for ingenting.

    Likar

  2. Tone says

    De muffinsene må ha vært noe av det beste jeg har smakt. Jeg måtte til og med smugle med meg noen hjem.

    Takk for deilig mat i går!

    Likar

  3. berit andreassen says

    å safte suse.. her var det mye lekkert på menyen.. helt i min gate : )

    håper boksalget går strålende !

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s