Ein museumsdag
Det vart ein museumsdag på oss i dag; det pøsregna då vi vakna, og såg ikkje ut til å gi seg heller. Men når ein først skal gå i museum er Oxford rette byen å vere i. Vi byrja på museet for vitskapshistorie, som for tida har ei utstilling om eksentrisitet. Den presenterer eksentriske menneske, maskiner, idéar eller prosjekt. Vi såg masse spennande der, både i den faste utstillinga og i den permanente. Albert Einstein kom til Oxford og underviste om relativitetsteorien fleire gongar i si levetid. Andre gongen han kom var det ein som hadde den lyse idéen om å ikkje viske ut det Einstein skreiv på tavla etter at han var ferdig med forelesinga. Tavla vart teken vare på, og difor kan ein i dag sjå Einstein si handskrift med tavlekritt på veggen på vitskapshistorisk museum. Artig! Dei to andre musea som verkeleg er ei stor oppleving er naturhistorisk museum og Pitt Rivers Museum. Det er uråd å kome til Pitt Rivers utan å gå gjennom naturhistorisk, så dei to heng nøye saman. …