All posts tagged: heimelaga julegåver

Det er ikkje for seint! Fruktkake

Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp. Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja …

Tips til heimelaga julegåver

Kva skal ein gi til den som har alt? Noko å ha det i, sa ein veskebutikk, men eg går heller for den meir framtidsretta varianten: Noko som er nyttig, godt og som blir brukt opp. Her er nokre tips: Her finn du oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar, og det praktiske urtesaltet. No får du kjøpt urter i butikken heile året, så det kan du også lage til jul. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik. Har du plommer (kjøp gjerne i butikken!) så kan du også lage denne krydra plommechutneyen. Å lage ein frisk limoncello med italiensk inspirasjon er mindre krevjande enn ein trur, og eg har også oppskrift på fleire andre typar gode likørar som passar fint å gi bort. Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong. Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er …