All posts tagged: fruktkaker

Det er ikkje for seint! Fruktkake

Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp. Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja …

Clafoutis

Franskmennene har mange gode og enkle dessertar, og clafoutis er ein av dei. Eigentleg er det bær eller frukt som får ei slags eksklusiv vaffelrøre helt over seg, og så blir det heile bakt i omnen til det blir gyllent og pent. Clafoutisen er best når den er nysteikt, litt kolna, men framleis lun. Eg serverer den med piska crème fraïche, som eg har smakt til med vaniljesukker og litt melis. Vil du ha ein litt friskare smak kan du også ha i litt sitronsaft eller skalet av ein sitron. Clafoutis 200 g mjøl 1 dl sukker 3 egg 2,5 dl matfløte 1 ts vamiljesukker 300-400 g plommer Melis til dryss Crème fraïche, is eller fløte til servering Bland saman alt det tørre til røra. Pisk raskt saman fløte og egg, og sikt det tørre i røra. Rens plommene, kutt dei i båtar og legg dei i ei eldfast form. Hell røra over, og bak det heile i omnen på 200 grader i ca. 30 minutt. La den kolne litt, før du drysser på melis, …

Førjulstid og førjulskos

Eg driv og planlegg dei tinga eg har lyst å lage og å gjere no i førjulstida, og det blir ei ganske koseleg liste. No til helga har vi invitert til papirverkstad her hos oss, då blir det julekort, pakkelappar og papirpynt i alle fasongar og variantar. Det er ikkje alt som er heimelaga hos meg, men pakkelappane og julekorta er alltid det. Eg lagar alltid fruktkaker, dei blir både servert til kaffen i jula og gitt bort i gåve. Dei franske pepparkakene høyrer med, det same gjer dei fine korintplettane, som eg alltid lagar til Ovedia og mannen hennar i julegåve. Dei får også alltid eit glas med whiskyappelsinmarmelade. I år driv eg og eksperimenterer med nokre fleire oppskrifter, eg skal lage nokre ostekjeks og ein ny type konfekt. Oppskriftene kjem etter kvart som eg har fått eksperimentert ferdig, det må av og til nokre feilslag til før den er akkurat slik den skal vere. Kva planlegg du å lage, og har du lenke til dine oppskrifter?