Billig mat, Dessert, Kaker
Kommenter innlegget

Clafoutis


Franskmennene har mange gode og enkle dessertar, og clafoutis er ein av dei. Eigentleg er det bær eller frukt som får ei slags eksklusiv vaffelrøre helt over seg, og så blir det heile bakt i omnen til det blir gyllent og pent.

Clafoutisen er best når den er nysteikt, litt kolna, men framleis lun. Eg serverer den med piska crème fraïche, som eg har smakt til med vaniljesukker og litt melis. Vil du ha ein litt friskare smak kan du også ha i litt sitronsaft eller skalet av ein sitron.

IMG_0878Clafoutis

200 g mjøl

1 dl sukker

3 egg

2,5 dl matfløte

1 ts vamiljesukker

300-400 g plommer

Melis til dryss

Crème fraïche, is eller fløte til servering

Bland saman alt det tørre til røra. Pisk raskt saman fløte og egg, og sikt det tørre i røra. Rens plommene, kutt dei i båtar og legg dei i ei eldfast form. Hell røra over, og bak det heile i omnen på 200 grader i ca. 30 minutt. La den kolne litt, før du drysser på melis, og serverer til dømes med stivpiska crème fraïche.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s