Billig mat
Comments 7

Pinnebrød på skogstur


Det hjelper på humøret å kome seg ut litt.

Ein treng ikkje dra så langt, finn deg ein liten skog i nærleiken der du kan dra med bålpanne og pølser og late som om dokke er på langtur. Kakao på termos og marshmellows til å grille høyrer også med.

Eg likar å bruke litt ordentlege pølser når vi dreg på slik tur. Bratwurst og ostepølse passar perfekt til bålgrilling, tre dei på ein pinne og surr litt brøddeig rundt. Då får du pølsebrødet klart når pølsa er ferdiggrilla. Det går også an å lage berre pinnebrød, utan pølsa i midten.

Når eg lagar pinnebrød lagar eg ein smakfull deig. Eg brukar olivenolje, krydder og litt maltekstrakt i deigen. Det gjev gjæra god næring, og gjev også det ferdige brødet ein rund og god smak. Det går også fint å lage deigen dagen i førvegen, og la den heve i kjøleskapet.

Lag ein pizzadeig med dobbel porsjon kvelden før, server ein god pizza til familien og legg halvparten av deigen i ein olja boks i kjøleskapet til dagen etter. Då bør du bake med kald deigvæske, elles hevar deigen for fort. Lagar du deigen same dagen du skal bruke den kan du bruke lunka vatn som du sikkert er vand med. Slik gjer eg det:

Pinnebrøddeig

4 dl vatn

1 ts tørrgjær

ca. 8 dl mjøl

1 ts salt

2 ss olivenolje

1 ss maltekstrakt

1 ts provence-krydder

Ha vatnet i ein bakebolle, og ha i mesteparten av mjølet og alt det andre. Elt det glatt, og ha i resten av mjølet til du har fått ein passe deig, ikkje for fast og ikkje for klissete og laus. Smør ein boks med olje, og legg deigen i den. Boksen må vere så stor at det er plass for deigen å heve. Ein toliters isboks er perfekt.  La deigen heve i 40 minutt viss den er bakt med lunkent vatn, over natta i kjøleskapet viss den er satt med kaldt vatn.

Når du har fått god fyr på bålet og det er rikeleg med glør trer du pølsene på grillspyd. Smør fingrane med olje, og ta ein neve med deig som du strekker ut litt. Byrj på toppen, og snurr deigen rundt pølsa. Fest den nederst ved å klistre saman deig og deig. Grill brødet og pølsa i 8-10 minutt til brødet er gyllent, men ikkje brent.

This entry was posted in: Billig mat

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Jaaaa! Ja til friluftsblogging, ja til pinnebrød og ja til bål 😀 Det hjelper definitivt på å komme seg ut; jeg kjenner som regel at skuldrene senker seg flere hakk og hjerterytmen blir litt roligere. Det er veldig godt, spesielt i travle perioder hvor man ikke egentlig har tid til en tur ut i marka men gjør det likevel.

    Ha ei fin helg, du og dine fine!

    Likar

  2. Tilbakeping: Det trenger ikke være så komplisert « Elisabeths Eldorado

  3. Ege denne: Det har eg ikkje prøvd, men eg har brukt denne deigen til focaccia, med rikeleg med rosmarin, oliven og olivenolje og eit dryss med flaksalt vart det kjempegodt. Då bakte eg det i omnen, 220 grader i 15 minutt, ca.

    Elisabeth: Takk for repost! ❤

    Likar

  4. Tilbakeping: Gjøre det enkelt, ha det bra « Elisabeths Eldorado

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s