Eg leitar alltid etter lure måtar å bruke restar på. I går hadde eg trippelt med restar. Eg hadde fisk frå søndag og tirsdag i ein boks. Det eine var den bakte torsken, det andre var ein deilig seibiff som min kjære lagde på tirsdag.
I tillegg til dette hadde eg heimelaga potetmos ståande, også den frå søndag, og fire kokte poteter frå seimiddagen. Eg hadde også ein slant kvitvin ståande att, den var blitt i overkant syrleg.
Fiskerestar er ikkje så lette å bruke på ein fornuftig måte, iallfall ikkje dei steikte. Er dei kokte kan det alltids bli plukkfisk, ein grateng eller ei suppe. På ein måte liknar denne retten på ein slags sheperd’s pie, berre med fisk. Har du fiskerestar ståande ein dag så prøv denne. Det er ikkje så gøy med kald seibiff på brødskiva. Slik gjorde eg det:
500 g restar av steikt, kvit fisk
To paprika, raude
Ein stor løk
3 dl kremfløte
1 ts kalvefond
1 ts tomatpuré
1 dl vatn, kvitvin eller eplejuice
Timian, salt, sukker og peppar
Smør til steiking
Rens paprikaen og løken. Skjer dei i passe store bitar, og fres dei i smør i ei steikepanne. Slå på vin eller juice, eller berre vatn. La det heile dampe til grønsakene er møre. Ha i fiskerestane, og del dei opp i mindre bitar med ein gaffel. Slå på fløten. Ha i timian, tomatpuré og kalvefond, og la det heile surre nokre minutt. Smak til med salt, sukker og nykverna peppar. Slå alt oppi ei romsleg, eldfast form.
Potetmos
4 store poteter
4 ss lettrømme
2 ss smør
Salt og peppar
Kok potetene møre. Mos potetene, eg brukar ei potetpresse, som ser ut som ei gigantisk kvitløkspresse, men ein stappar gjer same nytta. Rør inn smør, rømme og litt salt. Hald det varmt på plata, og smak eventuelt til med meir salt og peppar.
Legg potetmos med skei langs kanten på den eldfaste forma. La det heile bake i 15 minutt, til potetmosen har fått fin farge. Server med rivne gulrøtter eller ein kålsalat.