Fest, Kaker, Noko søtt, Sjokoladekake
Comments 5

Sjokoladekake med fudge-krem


Sekstenåringen hadde bursdagen sin for eitt par veker sidan, men på søndag hadde vi stor familiefest for henne.

Favorittgodteriet hennar er fudge, dei firkanta karamellterningane som du får kjøpt i godtedisken. Difor planla eg å lage ei kake der eg brukte fudge i kaka. Eg endte opp med denne sjokoladekaka, som vart fylt og dekt med ein krem der fudge spelte ei hovudrolle.

Og den vart god! Stor suksess blant både store og små. Eg brukte kaffe i kremen, sjølv om eg sjølv ikkje er nokon kaffefan. Men det vart akkurat passe, ikkje for mykje kaffesmak, men nok til at kremen fekk litt fyldigare smak. Vil du ikkje bruke kaffe kan du løyse opp fudgen i mjølk. Slik gjorde eg det:

Sjokoladekake

100 g smør
200 g kokesjokolade
250 g sukker
4 egg
175 g  mel
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker
50 g kakaopulver
2 dl mjølk

Smelt smør og sjokolade saman. Ta blandinga av plata, og la den kolne litt. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman mjøl, kakao, bakepulver og vaniljesukker. Ha mjølblandinga i eggedosisen skei for skei, vekselsvis med sjokoladeblandinga og mjølka.

Ha røra i ei godt smurt 24 cm form der du har dekt botnen med bakepapir. Steik kaka i 30-35 minutt på 200 grader. Sjekk med kakenål eller spagettipinne om kaka er ferdig. Er det røre på pinnen så gi den nokre minutt til. Vend den på rist og la den kolne.

Fudgekrem

100 g fudgeterningar
4 ss kaffe
500 g melis
1 ts vaniljesukker
200 g mjukt smør
1 egg

Smelt fudgen i kaffen. La det kolne. Rør saman smør, mesteparten av melisen og vaniljesukkeret. Rør inn fudgeblandinga og egget, og juster konsistensen på kremen med resten av melisen. Blir kremen for seig og tjukk kan du spe den med litt mjølk.

Del kaka i to, smør eit lag i midten og dekk kaka med resten.

5 Comments

  1. Hmmm….
    Nå har jeg gjort nøyaktig som oppskriften din angir, Gunda – og etter 25 minutter er kaken langt fra ferdig. Har du blingsa helt med tida, kanskje? Tror det blir nærmere 45 enn 25 minutter til slutt.

    Likar

  2. Så bra! Eg skal lage den ein gong til, og sjekke steiketida. Eg tek alltid dette på gefühlen, lar den stå så lenge steiketida seier, så sjekkar eg med nål, gir den to minutt til osv.. Og så varierer det frå omn til omn. Men du har rett, eg skal sette den litt lenger. Men 45 minutt? Det høyrest snodig ut. Eg trur ikkje eg bikka 30 minutt, iallfall.

    Likar

  3. Seriøst. Ovnen min er vanligvis litt varm. Jeg brukte formstr du angir, og målte meget nøyaktig opp alle ingrediensene. Eggene var ikke spes store og i det hele tatt. Jeg begynte å sjekke med nål etter 25 min., flytende røre. Etter 35 min,, flytende røre, etter 45 min. også temmelig flytende. Etter nesten en time var den ferdig. De siste 20 min satte jeg tempen ned til 170 grader. Den er blitt luftig og er ikke tørr, så dette er banna bein, altså. Kan den store mengden bakepulver ha noe med saken å gjøre? Er det riktig med en hel spiseskje?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s