På enkelte område er eg ei enkel sjel, eg seier mellom anna aldri nei til ein god kjøttpudding.
Dette er ein godt krydra variant, og i kjend Alt godt-stil har eg lurt grønsakene inn i puddingen, slik at ein dermed får i desse fine (ikkje fullt så) små meir grønsaker enn dei frivillig ville forsyne seg med. Slik gjorde eg det:
Spicy kjøttpudding med bakt paprika
4 paprikaer, gjerne av ulik farge
500 g medisterdeig
2 egg
1 dl mjølk
3 ss potetmjøl
300 g sopp
1 løk
1/2 purre
4 ss smør og/eller olje
1/2 ts malt svart peppar
1/2 ts cayennepeppar
1/2 ts malt muskat
2 ss soyasaus
Salt
Glasering:
1 ss ketchup
1 ss honning, flytande
Set omnen på 200 grader. Rens paprikaene, og del dei i båtar. Legg båtane av tre paprikaer i ei eldfast skål, og strø salt og peppar over. Ringle over olje, og bak paprikaene til dei er møre i omnen.
Ha medisterdeigen i ein kjøkkenmaskin. Har du Kenwood, så bruk K-spaden. Ha i 1 ts salt, og rør deigen seig. Ha i eit og eit egg, så har du i potetmjøl og mjølk. La maskinen gå litt, så deigen vert seig og fin. Set til side.
Varm opp olje og smør i ei steikepanne. Rens resten av grønsakene, og kutt dei og dei attverande paprikabitane i små bitar. Ha sopp og løk i steikepanna, og surr det til soppen har fått fin farge. Slå på soyasausen. Ha i resten av grønsakene med peppar, cayenne og muskat, og la det surre til alt er mørt. Ha i litt meir smør viss det trengst.
La grønsaksblandinga kolne, og rør den inn i medisterfarsen. Kle ei låg form med bakepapir, og ha farsen oppi. Stryk den utover med ein slikkepott. Rør saman honning og ketchup, og glaser puddingen med det. Bak puddingen i 30 minutt på 200 grader. Server med bakte paprika, potetmos og ein salat.