Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Veggis
Comment 1

Ein kjapp ein

img_52902Av og til så må det berre gå fort. Alle kjem heim i ein haug, det er snart fotballtrening, korpsøving eller så er du berre innhol. Då er mi redning pasta med pesto. Pasta med pesto er billig mat, det smakar godt og du lagar det på eit kvarter.

Ein treng eigentleg ikkje oppskrift på det, men det er nokre triks som kan vere greie å ha med seg. 

img_5291Det viktigaste å ha tilgjengeleg er ein pose pasta av eit eller anna slag, og eit glas med pesto. Det finn du overalt no for tida, eller du kan lage din eigen.

Nederst her står oppskrifta mi på heimelaga pesto, men på ein alminneleg kvardag er det litt styr å byrje med det.

 

img_52932

Trikset med min måte å lage pasta med pesto på er at eg tek vare på litt av kokevatnet, og sper ut pestoen med det. Berre pesto i pastaen blir gjerne litt tørt, og ein skvett kokevatn i pestoen gjer at den blir til ein smidig og fin saus i staden for ei tørr, grøn gugge.

Slik gjer du det når du køyrer i venstre fil:

img_5294Pasta med pesto i ei fart

Eit glas pesto

500 g pasta

Ein sitronbåt

Salt og peppar

Kok opp ei romsleg gryte med vatn. Ha i meir salt enn du trur, til fire liter og 500 g pasta brukte eg 2 ss, og det vart litt lite. La pastaen koke til den er mør. Før du slår vatnet av pastaen tek du litt av kokevatnet oppi serveringsbollen. Slå pastaen i eit såld, og la det renne av.

 

img_5296

Ha to skeier pesto oppi slumpen med kokevatn som du har i serveringsbollen. rør pestoen ut til den får ein glatt konsistens, og ha i resten av pestoen. Viss du vil ha ein fyldigare saus kan du ha i litt rømme, kesam eller fløte på dette stadiet.

Rør det heile glatt, og vend inn litt pasta. Vend inn meir pasta etter kvart, til all pastaen er dekt med pesto. Press litt sitron over, det balanserer smaken. Server med ei skive godt brød og litt riven parmesan over. 

 

img_5299

 

img_5302Heimelaga pesto

Ei krukke med basilikum

to fedd kvitløk

50 g parmesan

0,5 dl olivenolje

100 g pinjekjerner

Salt og peppar

Plukk basilikumpotta nesten rein for blad, frå toppen og ned. La det stå att nokre kvistar med småblad som du kan drive fram att. Ha blada i ei matmølle. Riv parmesanen på eit rivjern. Har du den rett i matmølla vert det klumpar, og det er ikkje så delikat. Rens kvitløken, grovhakk den og ha den i saman med pinjekjernene og oljen, og køyr det heile glatt. juster eventuelt konsistensen med meir olje. Smak til med salt og peppar.

Brukar du ikkje alt med ein gong, kan du fylle det på glas og slå over olje så det dekker pestoen. Slik held den seg ei snau veke i kjøleskapet. Du kan også fryse den i passelege porsjonar. Pesto er fint å bruke i dressingar, spe den med meir olje, ha i safta av ein kvart sitron og ha på salaten.

1 Comment

  1. Dette er mat som travle byråkrater kan greie å ordne i stand etter en lang dag på kontoret. Fra kontorfronten tar ditt tips om å spe ut pestoen med litt av kokevannet til etterretning.

Leave a Reply