Dette musikkstykket har eg høyrt av og til, og tenkt at eg må finne ut kva dette fantastisk vakre er. Men med eit snev av ADHD så har eg aldri klart å huske stykket lenge nok til å finne ut av det.
Her ein kveld såg eg ein film på SVT2, og når den var ferdig kom det ei lang rekke vakre musikkstykke som akkompagnerte prøvebildet. (Her i huset har vi øyretelefonar på TV-en, og vandrar rundt medan vi høyrer på det som måtte skje der.) Der kom den igjen, og då klarte eg å finne ut av det. Det viste seg at denne rekka med musikk går fast kvar kveld, og at den ligg her.
Stykket er altså Vokalise av Sergej Rachmaninov. Det er eit av hans mest framførde vokalverk, og er glansnummeret til mange av dei beste sopranane. Denne versjonen syns eg er spesielt lekker, med Renée Flemming som syng. Kjoleparaden har også eit element av underhaldning i seg. Mykje utringingar.