Kva er ditt økologiske fotavtrykk, spurde ein ven meg. Kor stor del av jorda sine ressursar er eg med på å bruke? Viss alle levde som meg, kor mange planetar måtte til?
Eg vart svar skuldig, men gjekk inn på www.myfootprint.org og svarte på ei rekkje spørsmål om korleis eg lever i kvardagen. Resultatet var ikkje oppmuntrande: Viss alle menneske på jorda skulle leve som meg, trengst det 2,7 jordklodar! Og det verste er at eg er under snittet for nordmenn; det ligg på 3,5 jordklodar. Eg bur midt i byen og syklar til jobb, saman med det at eg bur i husvære i staden for eige hus gjer det at mitt fotavtrykk er lågare enn landsgjennomsnittet.
Eit av områda eg syndar mest på er at vi er glade i kjøt i vår familie. ”Vet du hva jeg ikke skal bli når jeg blir stor, mamma? Vegetarianer!” Det sa min kjøthungrande son då han var fire. Kjøt er dyrt og ressursøydande å produsere, frukt, grønsaker og belgfrukter gir mykje meir energi for mindre produksjonsinnsats. Kortreist mat er bra, samstundes er det ikkje bra å produsere tomatar og agurkar i drivhus i Noreg. Då er det betre at dei veks på friland i Spania, og vert frakta hit.
Når dommedagsprofetia vert for voldsame misser vi motet, og held fram som før. Ingenting vert godt nok, tydelegvis. Men slik er det ikkje. Vi kan gjere mange små ting for å redusere din og min påverknad på miljøet, og det er betre å gjere litt enn å gjere ingenting.
Noko av det vi kan gjere er å ete meir fisk, og å lage vegetarisk middag nokre gongar i månaden. Eg er inne i ein vegetarstim for tida, og i dag får du oppskrift på ein mettande, velsmakande og miljøvennleg middagsrett som du kan lage og ete med godt samvit. Vert kjøthungeren overveldande kan du servere den som eit kraftig tilbehør. Skjer reint kjøt i tynne skiver, slik bestemor gjorde med søndagssteika. Då treng ein mindre kjøt per person.
Eg serverer gryta mi med kveiteris til. Kveiteris er eit ganske nytt produkt, som eg har testa ut. Den er grovare enn bulghur, og det kan eg like. Smaken er ganske lik, og å kalle det ris er vel meir ei kreativ naudløysing enn noko anna. Eg likar desse kveitegryna kjempegodt, men eg mislikar at dei kjem i små kokeposar. Meir søppel! Eg protesterer ved å klippe opp posane, lage gryna til slik eg gjer med bulghur, og sende ein mail til produsenten om at dei bør droppe kokeposane, iallfall selje sjaktlar utan posar, slik at vi kan velje.
Kveitegryna brukar eg å jazze opp med løk og korintar. Korintar er blant mine favorittgreier å ha i skapet for å gjere kjedeleg mat meir spennande. Korintar har meir krydra smak og er mindre enn rosiner. Rosiner kan også løfte ein salt rett, men korintane er mindre, og ikkje så store å møte på.
Men i dag var eg i ein tyrkisk butikk, og fann noko dei kalla zurenbessen. Det er altså bær av berberis (!!) som er rensa og tørka. Dei er skikkeleg sure, og passar perfekt til dei milde kveitegryna.
Du kan også servere kokt ris til, quinoagryn eller steikte potetar. Slik gjer du det:
Veggisgryte til fire
Tre paprikaer
To auberginar
Ein purre
Ein boks kikerter
Ein boks hakka tomatar, gjerne krydra
1 ts sukker
Salt og peppar
Timian
Bruk ei eldfast form, helst med lok. Har du ein römertopf innerst i eit skap, er den perfekt til denne gryta. Sett omnen på 220 grader. Del paprikaene i to, og fjern frø og hinner. Del kvar halvdel i to eller tre, alt etter kor store dei er. Skjer auberginane i centimetertjukke skiver. Legg dei oppå kvarandre med salt mellom laga. Saltet trekkjer ut litt væte og bitter smak. Når auberginane har stått med salt i 15-20 minutt, kan du tørke av dei (ikkje skyll dei, litt av saltet skal vere med) og skjer dei i stavar.
Rens og skyll purren, del den i skiver. Ha litt tomatar i botnen av gryta. Legg i paprika og auberginestavar. Dryss purreskiver og kikerter mellom laga. Dryss sukker og ei klype timian i, og avslutt med paprikabitar og tomatsaus. Legg loket på, og la gryta stå i omnen i 40 minutt. Ta den ut, og smak på sausen som har danna seg om den er salt nok. Smak eventuelt til meir salt, vend litt på grønsakene og la gryta stå i omnen i 15-20 minutt til alle grønsakene er mjuke og saftige. Server gryta med oppjazza kveitegryn.
Oppjazza kveitegryn
2 ss smør
3 dl kveitegryn
5 dl vatn
1 ss flytande buljong eller ein buljongterning
Ein finhakka raud løk
50 g korintar eller zurenbessen viss du finn
Saft frå ein sitronbåt
Salt og peppar
Smelt smøret i ei gryte, og fres kveitegryna i det. Slå på vatn, og ha i korintane og buljongen. Slå av varmen, men la gryta stå på omnen. Etter ca. 20 minutt er gryna møre. Vend inn løken. Grunnen til at eg gjer det så seint er at eg vil ikkje at løken skal bli gjennomkokt, den skal framleis vere litt sprø. Den skal berre bli litt varm.
Kveitegryna kan brukast til mange forskjellige rettar, den er god til ein kjøtsaus lik den ein lagar til pasta, prøv med litt hakka koriander over. Den er og god til steikt fisk eller til lammefilet.
Server veggisgryta med kveitegryn, gjerne med ein klatt kesam eller lettrømme til, og kos deg med godt samvit.
takk for link til testen! resultatet vårt ble relativt bra, og ein viktig grunn er nok at vi er så mange som 6 i familien. Då vert jo ressursane automatisk nytta bedre, både i huset, hushaldet, og i bilen. Vi et heller ikkje kjøt kvar dag. Men lange flyturar kan eg ikkje tenkje meg vekk – dilemma det!
Bra veggisgryte! (når kjem kokeboka? 🙂
Tankevekkende. Jeg havnet også under nasjonalt gjennomsnitt, men høyere enn deg. Vet ikke hvor realistisk denne testen er, men den får en i alle fall til å tenke litt, og det skader aldri. FOrbedringspotensiale finnes helt klart.
Jeg kom på 1,54 jordkloder 🙂
Jeg havnet på 2.5, men det er jo et og annet som ikke stemmer helt med testen – f.eks. så var det implisitt antatt at alle som tar testen eier en bil, og det er ikke tilfelle for meg. I tillegg er vel ikke sparing på kaldt vann noe stort poeng de fleste steder her i landet. Og så skjønner jeg ikke hvorfor det å kjøpe mat på restaurant skal være mindre miljøvennlig enn å lage maten selv – tvert imot burde jo restaurantmaten ha en viss stordriftsfordel mht. mengde mat produsert per time ovnsbruk.
Dette såg godt ut! Kveitegryn kan vi jo ikkje ha hos oss da, men trur du det går med pasta til, eller villris? Brød?
Førøvrig havna eg på 2,5 kloder…
Sol: Snart, kanskje?
Kirsitn: Ja, testen har sikkert sine svakheiter, men den ilustrerer ein del viktige poeng.
Kjersti70: Klart det! Villris, godt brød og glutenfri pasta er perfekt til.
Pingback: Eit bloggememe « Alt godt