Musikk
Comments 5

Noko av det vakraste XI


Seint åttital var ei turbulent periode i livet mitt. Eg trudde eg møtte mannen i mitt liv gong på gong, og eg lærte at froskar er ofte berre froskar, ikkje prinsar. Ein av froskane spelte denne plata til meg, og det er eg glad for.

Fløytisten Björn J.son Lindh (kan nokon fortelje meg kvifor det står J:son? Johansson? Kvifor skriv dei ikkje berre det då?) og den vakre, vesle pianisten Staffan Scheja spelte inn tre plater; Europa, Spirits of Europa og Spirits of Europa III: Bridges.

Björn J:son Lindh er ein musikar for musikarane. Han spelar fløyte på Murray Heads One night in Bangkok frå Chess, han har spelt med Mike Oldfield og har laga filmmusikk til mange filmar, mellom anna dei fleste av Eva Isaksen sine.

Dei to første Europa-platene har eg, den eine på kassett (veldig upraktisk) og den andre på vinyl (overkomeleg). Dette er vakker, meditativ musikk med piano, fløyter og synthar. Finn du desse platene på loppemarknad eller antikvariat så kjøp dei, legg deg på sofaen og nyt.

This entry was posted in: Musikk

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Birgitte L says

    Åh! Bjørn J:son, ja – det er Johansson. Ein god gamal helt! Har to LP-ar med han på loftet. Mimre, mimre.

    Likar

  2. Morsomt at du nevner loppemarked… eneste platebutikk nå til dags.
    Fant fram til akkurat dette fordi jeg sist lørdag kjøpte Spirits of Europa Opus II LP/vinyl på et loppemarked i Oslo og brukte Google for å finne info. Har en Bjørn J:son-LP: Bilder från en ö – ATLANTIS, fra før. Lørdag fant jeg også Musik.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s