Billig mat, Mat, Middag, Supper
Comments 5

Mat av avfall


I helga koste vi oss med reker, store, saftige kapteinreker.

Det er noko av det beste eg veit, høge, fine rekesmørbrød med majones, dill og ein sprut sitron. –Og så endar det heile med ein diger pose med avfall som stinkar. Eg tok vare på dette avfallet, og bestemte meg for å lage ei deilig suppe i dag. Rekeskal er nemleg eit strålande grunnlag for å koke ei smaksrik skaldyrskraft.

Ein må passe på, har ein slumsete gjestar kan lett både serviettar og sneipar hamne i avfallsbollen. Her i huset er det ingen som produserer sneipar, så det problemet er ute av verda. Ein og annan sitronbåt gjer ingen skade, og å plukke ut serviettane klarer eg. Rekeskalet gjekk i ein stor glidelåspose, eg har blitt utruleg glad i dei. Dei er heilt tette, og dei kjem i mange storleikar. Du kan presse lufta ut like før du lukkar glidelåsen heilt, og så er det nesten vakum. Perfekt for å ta vare på matrestar. Ein treliterspose tok hand om heile porsjonen i frysaren. Lagar du suppa dagen etter, kan du oppbevare skalet i forsegla pose i kjøleskapet over natta, men ikkje lenger.

Fiskekraft skal ikkje koke lenge, i motsetnad til kjøtkraft, som kan koke i timesvis. Fiskekraft byrjar lukte lim etter ein halvtime. Fisk og skaldyr slepper også krafta mykje fortare enn kjøt, så det er ikkje nødvendig å koke det heile så lenge heller.

img_4537Eg brukar å frese rekeskalet med litt tomatpuré, det gjev fin farge, og eit lite, syrleg hint som balanserer den søtlege skaldyrsmaken. Litt løk og gulrot høyrer med i all kraftkoking. Skjer gjerne gulrota ganske fint, den har ikkje så lang tid på seg til å sleppe smaken som den har i ei langkokt kjøtkraft.

Suppa vert jamna med crème fraîche. Eg har prøvd med Lett crème fraîche, det går til nød, men eg syns ikkje den er heilt til å stole på. Dei to gongane eg har brukt den har væska skilt seg, sjølv om det står på pakken at den toler koking. Mitt råd er at du brukar den originale varianten, og heller et denne suppa litt sjeldnare. Det er tross alt ei festsuppe, som berre skal serverast til folk som verkeleg kan sette pris på den. Det provoserer meg og at lett-utgåvene av desse meieriprodukta er mykje dyrare enn dei originale. Denne oppskrifta rekk til fire personar til forrett. Slik gjer du det:

img_4542Rekesuppe

Skal av 1 kg reker

2 ts tomatpuré

Ein liten løk

Ei stor gulrot (eller to små)

To sitronbåtar

Ei teskei heil peppar

Fersk dill (viss du har)

Smør eller olje

1,5 liter vatn

Eit beger crème fraîche

Salt og peppar

5-6 reker og litt dill til kvar skål til pynt

Skrell gulrota, og skjer den opp ganske smått. Skrell løken, og del den i to. Smelt smør eller varm opp olje på høg varme i ei vid, ganske stor gryte. Ha i rekeskalet og tomatpuréen, og la det frese i eitt par-tre minutt. Ha i dill, peppar, sitronbåtane, gulrotbitane og løken, og slå på vatnet. Har du litt kvitvin, så kan du slå den på, men det er ikkje nødvendig. I tilfelle, slå den på før du har i vatnet.

La krafta koke i 15-20 minutt. Sil frå skalet og grønsakene, og ha krafta i ei rein gryte. Er det mykje raudleg feitt på toppen, så skum det av. Ha i crème fraîche, og la det heile koke på relativt låg varme ein times tid, til volumet på suppa er ca. 2/3 av det den var. Smak til med salt og nykverna peppar, pynt med skrelte reker og kanskje litt dill i skåla og server med eit godt brød og eit glas tørr riesling, viss du driv med slikt. Vi drakk ein Gobelsburger Riesling 2006 til, og det kjendest heilt rett.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Supper

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Iduns says

    Kjempegodt med slik rekeskalkraft. Eg plar ta i litt kvitlauk når eg freser skala, ein itt annan variant. Eg har ikkje prøvd med tomatpure, men det skal eg jammen gjera

    Likar

  2. Kvitløk kan gjerne få vere med. Tomatpuréen gir ein fyldigare smak, den gir litt farge og så tilfører den litt syre som balanserer bra med den syrlege skalldyrsmaken.

    Likar

  3. Tilbakeping: Bloggmoro « Alt godt

  4. Tilbakeping: Rask fiskegryte med laks og scampi « Alt godt

  5. Tilbakeping: Ei lekker laksesuppe « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s