I går var det kjapp mat, då tek vi ein litt meir krevande middag i dag. Men det fiksar du fint. Når du skal lage dette er det ein fordel å ha handla inn på førehand, slik at du har det du skal bruke klart i kjøleskapet, og slepp å mase rundt i butikkar etter jobb eller skule. Lasagne går og fint å lage kvelden før, og varme opp når du kjem heim.
Denne lasagnen er med spinat, og er ein av mine favorittar. Det er litt plunder å rense spinaten, men har du ei salat-/spinatslynge så er vegen vidare enkel. Slik gjer du det:
Veggis-lasagne
1 pakke lasagneplater, forkokte
1 pakke fersk spinat
2 purrar
1 gul løk
4 ss smør
4 ss mjøl
1 liter mjølk
Litt sitronsaft
2 egg
150 g riven ost
Salt, peppar og muskat
Set omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk, og rør sausen glatt. La den småputre på svak varme medan du rører av og til. Smak til sausen med sitronsaft, salt, peppar og muskat.
No har du lagd ein bechamelsaus, også kalt kvit saus eller fiskebollesaus.
(Ein liten olfaktorisk bonus: Sniff idet du opnar spinatposen. Ram herresveitte.)
Rens spinaten for stilkar og blaute blad. Skyll den godt, og tørk den i eit kjøkkenhandkle eller i ei spinatslynge. Hakk spinaten grovt.
Del purrane i to på langs, og skyll ut jord og skit som sit mellom blada. Skjer purrane i passe store bitar. Skrell og rens løken, og hakk den ganske fint.
Smelt 1 ss smør i ei steikepanne som du har lok som passar til. Steik løken og purrane på middels varme til dei skiftar farge og vert slappe i fisken. Dei skal ikkje bli brune.
Legg spinaten oppå, og legg loket på. Dampen gjer at spinaten fell saman til ei grøn røre. Vend alt saman, og krydre med salt og peppar.
Rør 100 g ost og egga i bechamelsausen. Du kan droppe egga viss du ikkje har.
Ta fram ei rektangulær eldfast form. Smør eit lag bechamelsaus i botnen. Legg lasagneplatene oppå sausen.
Ha på spinatblandinga i skeier utover lasagneplatene. Ha på saus, og fortsett lag på lag til du har gått tom for alt. Det øverste laget skal vere bechamelsaus.
Strø riven ost på toppen, og steik lasagnen på 200 grader i 40 minutt. Server med godt brød og litt salat.
Der kom den. Mat for mor! Danke=D
Flott – Denne skal jeg prøve!
Har en datter som er veggis, og jeg blir ganske frustrert over matlaging. Hun er fryktelig kresen også, men denne tror jeg hun kan like 🙂