Meir trøstemat
Vel, eg trengte ikkje trøst i dag, men av ein eller annan grunn var mac’n cheese det einaste eg hadde lyst på då eg kom heim. Og når tiåringen er heilt enig er det berre å gå i gang. Eg brukar mac’n cheese som eit tilbehør, i staden for poteter eller ris. Vi hadde det ganske enkelt til steikte fiskekaker, dei vaksne (i dag inkludert trettenåringen) fekk ein deilig, grøn ertepuré til, den yngste fekk rå sukkererter. Når det gjeld måla i denne oppskrifta og resultatet på bilda må du gjere som eg seier og ikkje som eg gjorde. Eg lagde nemleg dobbel oppskrift, så vi har mac’n cheese til i morgon og. Slik gjorde vi det: Mac’n cheese 3 dl makaroni 3 ss smør 2 ss mjøl 1/2 liter mjølk salt og peppar 1 ts sitronsaft 2 ts sennep, gjerne dijon riven muskat Strøkavring 150 g riven ost, eg brukte halvparten av ein pizzaostpakke, den med fire sortar ost. Sett omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør inn mjølet. …