Allergi, Billig mat, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 16

Pikekyss og det som verre er


I går lagde eg to porsjonar aioli, ein vanleg og ein med smak av soltørka tomatar. Alle vart glade, og eg sto att med fire eggekviter. Difor bestemte eg og prinsessa oss for å lage marengs til dessert. Porsjonen vart stor, så vi delte den i to, og eksperimenterte litt. Ladning nummer to vart nemleg eplepikekyss. Deilig!

img_5194Marengs er veldig enkelt å lage, men du må ha ein eller annan form for miksar. Å gjere dette med handemakt er iallfall for mykje for meg. Så er det også viktig å piske eggekvitene stive før du byrjar å ha i sukkeret.

img_5198Når eg lagar marengs brukar eg engelsk Tate&Lyle sukker. Det er ekstra finkorna, og er best til marengsar, sukkerbrød, eggedosis og andre rettar der sukker skal piskast inn i egg, og ein vil unngå sukkerkorn. Eg huskar bestemor mi sende bestefar min til Ulsteinvik for å kjøpe Tate&Lyle sukker, og han kom heim med ein sekk om gongen, storkar som han kunne vere. Får du ikkje tak i det kan du bruke vanleg sukker og, eller melis.

Når ein skal piske eggekviter stive må bollen og vispane vere heilt reine og feittfrie. Kjem det feitt eller eggeplomme oppi kvitene vert dei ikkje stive. Eg brukar ha i ei teskei eddik og ei ørlita klype salt. Eg veit ikkje om det gjer kvitene stivare, men det gjer i allfall at smaken vert litt rundare og meir interessant.

img_5201Marengs/pikekyss

4 eggekviter

200 g sukker

1 ts kvit 5% eddik, gjerne eplesidereddik eller kvitvinseddik

1 lita klype salt

Sett steikeomnen på 100 grader, med varmluft viss du har. Pisk eggekvitene så stive at bollen kan vendast oppned utan at det renn ut. Ha i sukkeret ei skei om gangen medan du piskar vidare til du har ein seig men luftig marengsmasse der sukkerkorna er løyste opp. Farg eventuelt marengsmassen med konditorfarge.

img_52051

Ha massen over i ein sprøytepose, og sprøyt ut små pikekyss med to-tre cm avstand på bakepapir på eit steikebrett. Den enklaste måten å fylle i sprøyteposen på er å tre den over eit lite litermål eller eit stort glas. Vreng posen ut over kanten på glaset, og fyll massen i med ei skei.

La marengsa steike/tørke på 100 grader i vel ein time. Slå av varmen. Sett ei sleiv i omnsdøra og la dei stå der litt til.

img_5209Ikkje ei matlagingsseanse her i huset utan eksperimentering, og denne gongen fekk eg ein idé då eg skulle finne eddik, og fann eplesidereddik. Kanskje ein kan lage eplemarengs? I krydderhylla mi står det ei flaske eplesirup som vart med heim frå Danmark før jul, og etter at margengsen var blitt stiv og fin og fått farge hadde eg i eitt par tre spiseskeier av denne eplesirupen. Det gav ein spennande smak, og du kan definitivt kjenne eit hint av eple når du bit i desse marengsane. Vil du prøve mitt eksperiment og ikkje har eplesirup kan du ha i litt konsentrert eplesaft.

img_5266Vi farga marengsane rosa med konditorfarge. Det er ikkje naudsynt, men vi gjorde det no likevel. Eplesirupen var litt brunleg, så eplemarengsane hadde nok fått litt underleg farge hadde det ikkje vore for det rosa.

Eg sprøytar marengsane på steikebrettet. Dei kan også settast på med skei, men det ser flott ut med sprøyta små skyer av sukker. Så har du ein sprøytepose er dette tidspunktet for å ta han fram.

Desse små søtbombene er glutenfrie og mjølkefrie, så dei passar fint til allergikarar. Marengsane våre vart brukt i ein deilig epledessert, med piska krem, knuste marengsar, knuste kjeks og eplesyltetøy. Mmmm!

16 Comments

  1. Har du tid til sniffetreff tirsdag ettermiddag, eller? Jeg drar til Oslo i morra (kommer seint fram) og drar etter seminarslutt (ikke oppe hos deg) på onsdag. Du har nummeret mitt, I believe.

    Likar

  2. Ikke for å treffes på kafe eller noe, men for å gå i butikker og sånn er det kanskje i seinaste laget? Orker du noe etter korøvelsen da?

    Likar

  3. Pikekyss kan jeg stå over men ikke AIOLI 😀 Nam! Drømmer om å lære meg å lage ekte hjemmelaget geleaktig aioli en gang. En gang…

    Likar

  4. Tilbakeping: Allergivennleg festbord « Alt godt

  5. Tilbakeping: Pannacotta, vulkangelé og bondepiker « Alt godt

  6. Tilbakeping: Aioli « Alt godt

  7. Tilbakeping: Yr tok feil « Alt godt

  8. Har nettopp testet ut marengsoppskriften din, de står i ovenen og tørker nå. Veldig spent på resultatet!

    Likar

  9. Tilbakeping: Margarin og alt det fæle i verda | Framtida

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s