Month: mars 2009

Pure white linen og søstrene hennar

White linen er ein av dei klassiske duftene til Estée Lauder. Den kom i 1978, og er ein floral aldehydduft. Og aldehyd har vi no lært er lukta du kjenner av løysemiddel i eit billakkeringsverksted. For meg vart denne for skarp. Ei venninne av meg brukte den, og eg likte den veldig godt på henne, men på meg så slo nelliknoten (blomen, ikkje nellikspiker) for sterkt igjennom, og saman med aldehydane vart den nesten metallisk skarp.  Det kom ein flanker av White linen i 1996, White linen Breeze, som hadde lik flaske som White linen. Den har eg ikkje lukta på, og den er heller ikkje å få tak i i Norge, så vidt eg har klart å finne ut.  Pure white linen kom i 2006, som ein flanker av White linen. For meg har desse to duftene så og seie ingenting med kvarandre å gjere. Denne kunne like gjerne ha fått eit eige namn, så ulike er dei, etter mitt syn. Men eg forstår parallellen til kvitt, soltørka, nystrøke sengetøy med eit hint av …

Stor fest!

Tre rettar til mange – det går fint med litt planlegging. Vi har hatt bursdag i heimen, tolvåringen har blitt tenåring. Når ein har bursdag er eit av privilegia å få fastsette menyen, og tenåringen ynskte seg tre rettar, kjøt med saus og brownie til dessert. Då får mor berre innrette seg, og legge gamle vanar med store suppegryter og bufféar til side. Forretten gjer eg veldig lettvint. Det gjeld å spare på kreftene når ein skal servere til mange, og samstundes kose seg sjølv. Eg har kjøpt boksar med andepaté, og den piska eg luftig med litt fløte. Så serverte eg den på rista loffskiver med ein god marmelade på. Har du rognebærgelé eller tomatmarmelade i kjøleskapet, er dette tidspunktet for å ta den fram. Patéen kan også serverast med fikenmarmelade, tyttebærsyltetøy eller granskuddgelé, som er mitt siste tilskot til matlageret, ei julegåve frå svigermor. Min paté fekk kvedemarmelade på seg, eg trur den er frå Specialkøbmanden i København. Slikt tek nemleg eg med meg heim frå reiser. Så lenge du ikkje tek den …

Tagga? eg?

Britt Åse fann eit morosamt meme hos Kristine, og no kjenner eg meg tagga og. Sidan eg prøver å gjere dette ein smule undercover blir dette litt komplisert, men eg prøver. Reglar: Kvart svar må begynne med første bokstaven i navnet ditt.  Alle svar må vere riktige, ikkje finn på ord eller lyg. Om personen som taggar deg har same forbokstav i navnet sitt, får du ikkje bruke nokre av vedkomande sine svar. Du får heller ikkje svare med same ord to gonger, inklusiv ditt eige navn. 1. Kva heiter du? Gunda 2. Eit ord på fire bokstaver: Glad 3. Eit gutenavn:  Gisle 4. Eit jentenavn:  Gerd 5. Yrke: Gartnar 6. Farge: Grønn 7. Klesplagg: Genser (eg brukte laaang tid på å kome på noko så enkelt) 8. Mat: Gulost 9. Noko du har på badet: Gucci (berre ei lita prøve, men likevel) 10. Stad: Grimstad 11. Årsak for å komme for seint: Gateslagsmål (prøvde å avverge…) 12. Noko ein kan skrike:  Gåttesies! 13. Film: Good Will Hunting 14. Noko ein kan drikke: Grappa 15. Band: …

Kjensla av helg

For meg kjem kjensla av helg når eg kjem heim, lesser av meg varer, ryggsekk og ytterklede, og set friske blomar i ein vase.  Freden senkar seg, og vonaleg vert det ei koseleg helg, med besøk av vener, familie, mat, vin og lystig prat rundt bordet. I kveld er eg ekstra heldig, eg skal avgarde med to venninner og få massasje før vi dreg heim til den eine for å kose oss med «all of the above». Ha ei fredeleg helg, alle de som stikk innom!

Kjært barn har mange namn – potetkaker – lomper

Eg huskar mi bestemor hadde ein stor runding utklipt av ein mjølsekk, som ho brukte når ho skulle kjevle ut lefser og potetkaker. Kom vi ned når ho hadde bakt fekk vi lunka potetkaker med smør og sirup på. Lykke! Mange har varme kjensler knytte til slik takkebakst. Ein dag eg kjedar meg skal eg ta fram takka mi og steike potetkaker til ungane mine, vande til kjøpelomper som dei er. Her kjem ei Heidi-oppskrift til, denne gongen på potetkaker, som er vårt namn på dei austlandske lompene. Alt godt   Er det lenge sidan du smakte potetkaker? Det er berre heilt topp mat. Her kjem to oppskrifter. Dei utan smør er den lettaste å lage. Er det ikkje utruleg at poteter kan gi ein slik fin deig å bake med? Kunsten når du lagar potetkaker er å bruke nok utbakingsmjøl. Så noko rot vert det på kjøkkenet. Dei færraste har eit eige baksterom i kjellaren slik naboen min hadde då eg vaks opp. Men så var ho frå Skjåk, og poteter var det gjevaste …

Noko av det vakraste VIII

Då eg slutta i min første «ordentlege» jobb, fekk eg ein CD med dette verket i gåve. Det er Officium Defunctorum for seksstemt kor av den spanske komponisten Tomás Luis de Victoria (1548-1611). Denne innspelinga er med Gabrieli Consort, og dei syng Agnus Dei-satsen. Ikkje la deg forvirre av notesatsen, dette blir sunge av berre herrestemmer, så difor syng dei det ein stor ters lågare enn det står notert.  Victoria var sannsynlegvis elev av Palestrina, og det kan vel ikkje overraske nokon, etter å ha høyrt dette. Stykket vart skrive til gravferda til dronning Maria av Spania, som døde i 1603.

Noko muffins

Er det noko muffins her?  Muffins er blant mine favorittkaker, mettande, lette å variere og å pynte. Hos oss er det aldri bursdag utan muffins. Du kan putte ei heilt vanleg formkakerøre i muffinsformer, pynte dei med glasur og strøssel, og så er det fest med ein gong. Eg er den einaste eg veit om som kjem heim frå utlandet med kakestrøssel i staden for taxfreekvote. I København har eg min favorittbutikk, Specialkøbmanden, som ligg ved Kongens Nytorv og har eit heilt rom fullt av ulike variantar av kakepynt, konditorfarge i pipetteflasker og ekte bladgull til å ha på kakene. Bladgullet er alltid ein vinnar når eg bakar muffins til loppemarknaden på Ila, eg kan nesten ta kva eg vil for muffins som er pynta med bladgull. Specialkøbmanden har eigen nettbutikk, og sender gjerne til Noreg, så du treng ikkje sette deg på flyet. Det finst også ein norsk nettbutikk som har spesialisert seg på kakepynt, http://www.cacas.no. Dei har alt du kan tenke deg av kakeformer og utstyr, og i tillegg nokre typar strøssel som du …

Våren har kome –

– til Grünerløkka. Snøen smeltar, og smeltevatnet renn lystig i trikkeskinnene nedover Thorvald Meyers gate. Sola skin ikkje, men likevel kjenner du at veret har slått om, og vi ber alle (bortsett frå han eg er gift med, som vil gå på ski) ei stille bøn om at det som kjem ovanfrå no framover skal vere regn. Det er von, folkens! Ja, dei er fylte. Og spetta. Og dyre, men vakre. Nei, det er ikkje Paris. Det er Oslo. I dag. Fint, ikkje sant?

Deilig laks

Mi venninne Heidi har masse gode oppskrifter, og her kjem endå nokre av hennar. Fiskesausen nedanfor med eplejuice og crème fraiche bør du verkeleg prøve, den er fantastisk! Alt godt Her kjem to gode lakseoppskrifter som eg likar å lage.  Utgangspunktet for begge rettane er ein beinfri laksefilet. Å filetere laksen sjølv gjev deg nærkontakt med eit heilt dyr, du får studere anatomien og sjå kor vakker han er. Syns du denne baskinga med heile dyr er noko griseri, kjøper du laksen ferdig filetert. Filetering: Skyll fisken godt, og tørk han med kjøkkenpapir. Pass på at du får bort alt blod langs beina, og fjern gjerne gjellane medan du likevel held på.  Bein og hovud er fine å koke kraft på, men gjellar og blod gjer krafta grå. Legg laksen med ryggen mot deg og skjer inni laksekjøtet rett bak gjellane og heilt inn til ryggbeinet. Her legg du kniven flat og skjer langs ryggbeinet mot halen, og så har du ein fin filet. Fjerning av bein: Trekk ut dei store beina som går midt …

Embreacable you

Vi syng denne i koret mitt for tida. Tirsdagane er sushidag, eg stikk innom Nam Sushi og kjøper med meg tolv bitar, et dei i fred og ro på kontoret før eg går på korøving. Judy Garland hadde hovudrolla i filmen Crazy Girl, som vart spelt inn i 1949. Enjoy!

Kokebøker på Mammut

No er Mammutsalget i gang, og eg klarer ikkje halde meg, må sjekke ut kokebokhylla sjølv om eg unekteleg har ein del frå før. Nokre av dei som er på salget har eg i hylla, og har testa, så då kan det kanskje vere nyttig for deg å få mi vurdering av kva ein eventuelt bør bruke pengane på?  Cappelens nye kokebok er redigert av Wenche Andersen, og ho gjer alltid solid arbeid. boka er ei basiskokebok, med dei fleste oppskriftene ein treng for å starte sitt liv som hobbygourmet. I og med at den er ganske ny har  den mange oppskrifter på internasjonal mat, og nye spennande råvarer som ein finn i innvandrarbutikkar og forseggjorte kolonialar. Som basisbok er denne veldig bra, instruktiv og rikt illustrert. Fin gåve til ein nittenåring som skal flytte heimafrå. Tessa Kiros vekte mi interesse med boka Multer og makrellskyer. Dette er den vakraste kokeboka på Mammutsalget, både i utforming og i innhaldet. Den fortel historia om den vesle jenta med finsk mor og gresk-kypriotisk far som voks opp i …

Når ein fyller tretten…

…må blomane stå i stil. No roar det seg her i huset, etter til saman tre trettenårsbursdagar. Var det nokon som sa at tenåringar ikkje likte bursdagar? Vår diggar det, og det er koseleg. Her er blomane som pynta huset.

Gode gryn

Eg vaks opp i ei familie der poteter til spagetti bolognese var heilt normalt. Sidan då er matrepertoaret utvida. Etter kvart forsto alle (muligens med unntak av far min) at ein ikkje trengde poteter attåt pasta- og risrettar. Så gjekk vi lengre, og mange har som oss prøvd bulghur og couscous til gryterettar og i salatar. Sist eg var på fin restaurant fekk eg servert byggrynsrisotto. Det smakte nydeleg, heimleg og kontinentalt på same tid. Dei heile korna er rike på proteinar og fiber, og er betre for oss enn lettfordøyeleg ris og pasta. Dei er nøytrale på smak, og tek til seg det du måtte blande dei med. Dei siste tilskota til grynutvalet er heile speltkorn og quinoa. Heile speltkorn kan du bruke som du brukar byggryn, altså ha dei i bløyt over natta, og så koke dei i nytt vatn i 40-45 minutt. Ha gjerne buljong eller flytande kraft i kokevatnet. Quinoa er eit frø, som har vore ein del av grunnføda i Latin-Amerika i mange tusen år. Quinoa inneheld dobbelt så mykje …

L’Eau d’Issey

I butikkane har det stått store bollar med prøver på den nye varianten av L’Eau d’Issey, L’Eau d’Issey Une goutte de nuage. Une goutte de nuage betyr ein dråpe sky har eg fått vite, om det er noko anna enn regn veit eg ikkje. Når det kjem slike nye utgåver kallast dei ein flanker. Dei store, kommersielle parfyme-produsentane produserer sommar-utgåver og andre spesialutgåver av ei originalduft. Nokre flankerar kan havne ganske langt frå originalen, andre ligg ganske tett opptil den opprinnelege parfymen. Av  L’Eau d’Issey har det kome ei lang rekke flankerar, dei siste åra så mange som to i året. Desse er såkalla «Limited edition», altså kjem dei berre ein gong, og så går dei ut av produksjon. Så får du ein darling her er det berre å byrje med eige lagerhald. Men sjansane for at det kjem ein ny darling neste år er overhengande. På ei lita utflukt her om dagen fekk eg tilbod om ei prøve på den opprinnelege L’Eau d’Issey, og eg seier ikkje nei til prøver, så lenge det ikkje er …

”I’ll have sherry with the soup”

Eg er inne i ei ”hot” fase på kjøkkenet, og i dag har turen kome til den klassiske britisk-indiske suppa mulligatawny. Namnet betyr noko slikt som pepparvatn, utan at det seier så mykje. Det er få rettar i verda det finst så mange ulike versjonar av som denne suppa, du kan få den med eller utan fløte, vegetarisk eller med kylling og med ulike kryddersamansetjingar. Suppa har delvis blitt kjend fordi det er denne suppa grevinna får servert av sin trufaste men akk så bedugga hovmester kvar vesle julaftan. Når hovmesteren fastslår at ”I’ll kill that cat”, står latteren i taket her hos oss, iallfall. Server gjerne suppa med sherry til, eit glas halvtørr sherry går fint til den sterke suppa. I vår familie er dette ei klassisk bursdagssuppe. Den står og putrar på komfyren, eg har i meir kraft, meir grønsaker og hakka kyllingfilet etterkvart som gjestane sig inn døra, og den varar i timesvis. Ei diger gryte med ris står ved sidan av, slik at ein kan ha oppi si eiga suppe etter …